4. jan, 2018

Heime igjen, med fun facts om Antarktis i sekken😊

Ungene mine var ikkje begeistret for at pappaen deira skulle vere vekke både jul og nyttår, og eg måtte love Tindra på 7 år, at det ikkje skulle skje igjen. Det har eg sagt meg enig i♥️

På Flesland vart eg møtt av ein herlig velkomstkomite, ungene mine, onkel unger, søsken, kånemor, og svoger og svigerinne. Det var stor stas😊

Eg arbeider på Øygarden ungdomskule, og dei som kjenner meg, spesielt ungene veit at eg er veldig glad fakta og quiz. Med meg i sekken har eg nokon artige fakta som eg har lyst å dele med dåke.

1. Den 21.juli, 1983, målte den Sovjetiske stasjonen Vostok ein rekord lav temperatur på -89 grader !

2. Antarktis er det kontinentet med høgaste gjennomsnittshøyde. 1860 moh.

3. Antarktis er det tørreste kontinentet på jorda, og får mindre enn 2,5 cm nedbør i året, i nokon områder har det ikkje komen nedbør på 2 millioner år. Antarktis blir derfor ofte kallast verdens største ørken. Eg fekk servert ein sour drink med to millioner år gammel is fra kontinentet, det smakte overraskende friskt👌

4.Den kaldeste måneden i Antarktis er gjennomsnittlig temperatur -40 til -68 grader Celsius. Den varmeste måneden har mellom -35 til -15 grader celsius.(Då er ikkje effektive kuldegrader/windchill regna med)

5. Antarktis si isflate er det største ferskvannslageret på jorda, og inneholder 68% av verdas ferskvatn, og 90% av verdas ismasser🐧

6. Skulle Antarktis isen smelta, ville hava på jorda stige med 55 meter.🐳

7. Den tjukkaste isen på Antarktis er 4880 meter!❄️

Det var dagens nerdefakta frå meg, håper dere satt pris på det🤓

Ha ein fin dag, helsing Cato

1. jan, 2018

Historien om Namgya Sherpa!

Namgya Sherpa har vore 11 gonger på toppen av Mount Everest! Det er noko å ta inn over seg. Han er ein blid, omgjengeleg og roleg kar. Ein som er behageleg å ha rundt seg, dåke kjenner sikkert til typen.

På veg til Antarktis var eg ovenpå, hadde trent bra, det var kort tid sidan Denali ekspedisjonen, og eg visste at på denne turen var det "berre" kulden å bekymre seg over. Det tekniske var for så vidt enkelt.

No skal det seiast at været vart ei større utfordring enn eg hadde trudd! Det byrja med at ein står klar i ekspedisjonskleda, i 16 varmegrader i Punta Arenas og ventar på at været skulle tillate lift off. Etter nokre dagar forsinkelse der, landa vi på Union Glacier, men der vart det berre touch and go!

Me var forsinka og måtte vidare, Namgya Sherpa og resten av gjengen venta på oss ved Vinson basecamp!

Etter å ha skifta fly, til ein twin otter, og seilt avgårde over skyene, som ikkje var skyer, men eit uendelig hav av is, der dei høgaste toppanne såvidt stakk over den harde kvite flata, landa me etter ein ny time i lufta, ved basecamp. Endeleg i gong med klatringa! Trudde me......

Det var to andre team i basecamp, eit russisk og eit amerikansk. Mens me venta på godvær i 5 dagar før me for til lowcamp, hadde dei andre teama det travelt. Det fekk dei dessverre svi for. Det amerikanske teamet mista 3 telt, og var tilslutt 9 mann fordelt på to små telt, der dei brukte 10 timar på å lage levegger i snø, og legge forholdene til rette for at ikkje campen skulle blåse vekk. Nokon dager etter me kom ned, prata eg med ein av amerikanerne, eg spurte korleis det hadde vore der oppe. "Det var som ein alien tok tak i teltet, og røska det til himmels!" Dei såg aldri teltet igjen, og satt inne i dei to gjenværende teltene i 24 timer , og holdt fast i dei, uten å kunne ete, drikke eller å gå på do! Russerne hadde mista all vodkaen sin, men teltene deiras  var der fortsatt, då stormen la seg.

Namgya Sherpa og teamet vårt var berre nokon få hundre høydemeter lavere, men det var nok til å ikkje merke nokon ting av alvoret som spelte seg ut høgare oppe i fjellet. Det var rundt 4.dagen at Namgya viste meg arret sitt! Han gjekk innover fjellet og trakka i snøen 1,5 timer kvar dag, og eg spurte han kvifor. Han drog opp buksebeinet og viste eit langt bredt arr som strakk seg frå fotbladet og langt over ankelen. Det såg brutalt ut. 

Han kunne fortelje at han ikkje hadde klatra på 2 år, og at spaserturene han tok kvar dag, var for å trene opp førligheten igjen, til våren, så måtte han vere klar for Everest. Det kom ikkje til å bli guiding til toppen, men han skulle vere basecamp/logistikk ansvarlig.

Den 5. dagen tok me fatt på vegen til lowcamp, og så var planen dagen etter det, å ta fatt på den 1200 meter Headwallen, der ulykka til Namgya skjedde for to år siden. Veien til lowcamp gjekk på rekordtid, og vi var oppe på under halvparten av det som var rekna som normert tid, og det enda vi hadde lagt inn to små pauser. Det vart til at eg, Anja frå Tyskland (som skulle avslutte sin 7 summit jakt med Vinson, og som også  var yngste tyske kvinne til å gjere nett det, ho var nett fyllt 27 år.) og guiden vår Stuart , ein britisk eks militær, som danna team saman. Dei andre i gruppa danna to team til, så me vart tilsaman tre team på vår gruppe.

I lowcamp såg det bedre ut enn det eg hadde forventa, dei andre teama hadde rydda og fått orden etter stormen, men det store fellesteltet/domen, var flata ut, og besto no av 60 kilo med ubrukelege knekkte teltstenger og revet teltstoff. Me sov ei natt i campen, og for vidare opp headwallen dagen etter.

Namgya fortalte det slik, han hadde fått i oppgåve å sikra faste tau i headwall. Med 1200 meter vegg å klatre, betyr det 6 ankerpunkt, med 200 meter klatretau i mellom. Det hadde vore hardt arbeid, og han var nesten ferdig. Han sto på toppen av veggen, langt der nede var det lagt ut nesten 1200 meter med tau. Nå skulle berre dei siste 200 meteren ut av taubaggen. Det var bikkjekaldt, han la fra seg isøksa, han trengte begge hendene. Tauet var fryst seg fast inne i taubaggen, og han prøvde å dra og riste tauet laust. Det gjekk ikkje, han bestemte seg for å gå litt nedover i bakken, og få tak i baggen. Då skjer det som ikkje skal skje. Stegjernet på den eine skoen hekter seg fast i buksebeinet, han snur seg etter isøksa mens han faller framover, men det er for seint og han kjenner at han er på veg utfor kanten.

Mens eg, Anja og Stuart nærmer oss stedet Namgya falt, tar eg eit bilde nedover, bildet viser veggen med har klatra, og isbreen den treffer i bunn. Nokon hundremeter utover breen, ligger ein svær bresprekk som Namgya fyker over, uten å falle ned i, fordi farten hans var så stor.

Stuart hang i tauene sammen med mange andre den dagen, han sa at folk fekk panikk, så dei såg Namgya styrte nedover i det dei sjølvsagt såg på som døden. Fleire ville koble seg ut av tauene, for å kome seg ned å hjelpe så fort som mulig. Stuart sa at han kunne høre ein som ropte at folk skulle forbli i tauene, ingen kunne overleve det fallet uansett. Ein skulle tenke på eigen sikkerhet, og klatre ned langs tauet, og bruke den tida det tok. Han kunne fortelje at då dei kom ned hadde Namgya løfta hovudet, og vist livstegn. "Sa han Noko så?" Spurte eg. Stuart sa at han hadde sagt "Eg beklager" fleire gonger, han var redd for at han hadde ødelagt klatringen for dei andre.

Seinare fekk eg snakka meir med Namgya i basecamp, han kunne fortelje at han hadde prøvd å skli på magen og albuene, slik at han kunne sjå og unngå å treffe stein, men at han fleire gonger hadde blitt slynga ukontrollert ut frå avsattser, slik at det hadde gått kast i kast nedover. Stegjernet hans hadde satt seg fast i snøen, og ankelen var blitt revet i stykker, med masse kompliserte brudd. Dei måtte vente på twinn otter til basecamp, og han måtte bli frakta ned til flyet på slede. På Union Glacier, måtte han vente enda ei stund før været var så bra at han kunne koma seg på sykehus på fastlandet. Så var kroppen hans så skamslått og opphovna, at dei måtte vente sju dager før dei kunne opperere foten hans.

Sjølv om Vinson ikkje er det mest tekniske fjellet eg har klatra, fekk historien til Namgya med til å ta ting med ro, tenkje igjennom det meste to gonger, og ta innover meg alvoret. Ein er å klatrer i eit kontinent, der reddninga kan vere langt unna, det er ikkje berre å klatre ned til hovedvegen og køyre bilen sin ut av fjellet om Noko skulle gå galt. Eg har fått telefonnr til Namgya, og han sa det var heilt greit at eg fortalde historien hans til dåke her på bloggen min. Han reiser til Everest i vår, og eg har avtalt at eg skal besøke han året etter, hvis det er så eg skal klatre Everest sjølv. Det hører med til historien at veien frå headwall til highcamp gjekk uten problemer for Stuart, Anja og meg denne dagen😊

 

 

Kommentarer

02.01.2018 16:04

O. Rune

Fint skrevet, Cato. Velkommen hjem. Bra jobba. Glad du er heime att

02.01.2018 22:33

Cato

Takk skal du ha, kjekt på tur, masse artige utfordringer, men jammen er det godt å koma heim til gjengen og😊

26. des, 2017

Hvis ingen går i fjella, men passer seg for dem, - skal alle sammen snart få feire jul igjen…

Hvis ingen går i fjella, men passer seg for dem, -  skal alle sammen snart  feire jul igjen 

Ja da er superbloggeren (les: sliten husmor) tilbake for å underholde dere litt i julen. Jeg har nok en gang fått i oppgave å oppdatere bloggen nå som Cato er på ny utflukt til høye fjell. Det var en suksess forrige gang (dere hadde blitt overrasket over hvor mange likes jeg fikk – jeg elsker likes- hvem gjør ikke det?) og det er hyggelig at min mors venninner sitrer av spenning mens de venter på nytt blogginnlegg om å bestige Mt. Vinson (Jeg skal selvsagt dobbeltsjekke om det slik man staver det navnet, og om navnet faktisk stemmer). Helt ærlig så tror jeg faktisk jeg er mer morsom om sommeren, men av hensyn til kvinner i 60-årene og ellers dere som faktisk er interessert i fjellklatring og turer i skog og mark skal jeg gjøre mitt beste.  

 

Jeg har fått inntrykk av at det er mange som har gledet seg til at jeg skal skrive om fjellklatring og annen utendørsmorro. Jeg kjenner forventningspresset. #Liveterbestute er jo en populær hæsjtægg på instagrææm om dagen. For meg er #livetheltgreitinne også. Men jeg skal i løpet av dette innlegget få lest meg litt opp på hvor Cato er og sånn, slik at dere får den informasjonen mange av dere ønsker.  

Julen 2017 ble uten Cato til stede. Han har feiret med pingviner på Antarktis, på vei til sitt 6. fjellmål. Visste dere at det er pingviner på den polen hvor det ikke er isbjørner? På Antarktis er det altså pingvinene som holder til. Dette tenker jeg kan være nyttig å vite til en runde med sånne uendelig lange spørrespill. I kjent stil vet jeg lite om fjellet - høyden og vekten er ukjent for meg. Hva skulle man gjort uten Google:  

Vinson Massif er det høyeste fjellet i Antarktis, og ligger ved foten av Den antarktiske halvøy, rundt 1 200 kilometer fra Sydpolen. Fjellet er 4 892 meter høyt, omtrent 21 km langt og 13 km bredt og ligger i fjellkjeden Sentinel Range, som igjen er en del av Ellsworth Mountains. 

 

Spørsmålet jeg har fått mange ganger de siste ukene har handlet om klima på Antarktis. Dette har jeg selvsagt hatt problemer med å svare på, men nå har jeg googlet det:  

Klimaet i Antarktis er prega av kulde meir enn nokon annan stad i verda. Alt bortsett frå 2 % av landmassen på Antarktis er dekt av is, som er opp til 4,8 km tjukk på det meste. Det er så mykje is her at om all isen hadde smelta ville havnivået ha stige med 70 m over heile jorda. Pakkisen doblar om lag breidda av Antarktis om vinteren og våren. 

Flott informativt innlegg hentet fra Wikipedia, på sjølvasje nynorskspråket. Pakkisen trodde jeg var et ord man ikke lenger brukte, men det får Wikipedia ta på seg... 

Det har flommet over av medfølelse i min retning denne julen. Handling av mat har tatt lengre tid, da kjente og fremmede har villet høre siste nytt fra Sydpolen. Cato kjenner utrolig mange mennesker, og i og med at han ikke handler når han er med å handler, så får han jo god tid til å mingle med sine sambygdinger på nærbutikker. Jeg har overtatt den minglejobben også nå når han har vært borte, faktisk skikkelig hyggelig, men noe tidskrevende. "Intet nytt er godt nytt" sa Cato da han reiste i midten av desember. Jeg har ikke hatt noe kontakt med han siden han reiste fra Puente Arenas.  Det er helt greit å være alene med småjentene, men vi savner han selvsagt. Det var en på Kiwi som mente på at det ikke kunne være helt optimalt...nei det hadde jo vært for gale om det var helt optimalt -  men tenk om han hadde reist midt i skoleåret. Det er mange av dere som hadde blitt overrasket over nivået på matematikk i 7. klasse. Jeg måtte antakelig avspasert 2 timer hver dag for å kommet gjennom leksehjelpen. For dere som kjenner meg, så kvir jeg meg ikke for å fortelle om Catos manglende evne til å lage mat og vaske klær, men leksehjelp er noe han virkelig er god på. Jeg er evig takknemlig for at han valgte juleferien til å ta sin lille utflukt. Julenissen er uansett en dame i vår familie, med høye hæler og lange negler. Det er egentlig mest synd på han -som gikk glipp av årets julenisseinnslag:-) 

Jeg har sjekket værmeldingen på Antarktis de siste dagene, og det har sett bra ut. Det hadde vært veldig ok om vi kan hake av dette fjellet også, da det har kostet en formue. Det må ha gått hardt ut over lommenboken hans, for til tross for leting og endeløs spennende venting fant jeg ingenting til meg under juletreet fra han. Det skal jeg selvsagt ta opp med han når han er tilbake. Det er helt ok å avtale å ikke kjøpe gaver til hverandre, men slike avtaler utgår selvsagt når man reiser bort i hele desember. Dette kan ikke Cato ha fått med seg. 

 

Tenk om han allerede har fått satt det norske flagget (og plakaten med sponsorene) snøen på toppen nå i skrivende stund... Det er kjedelig å ikke få noe informasjon. Etter hans mange turer har jeg lært meg å koble litt ut, og ikke uroe meg for mye. Naboen til min mor sa hun var helt dårlig av bekymring, da hun var innom med årets juleoppmerksomhet i går. Tenk å gå rundt dårlig i ukesvis, kanskje til ingen nytte. Nei det kan naboene ta seg av. Ut fra antall dager han har vært avgårde, er det godt mulig at han allerede er på vei tilbake. Her er utdrag fra et informasjonsskriv han sendte på mail før han reiste. Det var mange flott ord som jeg aldri har hørt før jeg prøver meg ikke på en oversettelse. Lexin er en flott nettside hvor man kan få oversatt ord fra mange språk. 

 

Your team will make its summit attempt on the best weather day possible based on forecasts predicting good visibility and low winds. High Camp to Mount Vinson’s Summit is 3,648 ft (1112 m) of elevation gain and takes most teams 9-12 hours round-trip. The majority of the route is along the gently angled Vinson summit valleywith a shortsteeper snow and ice slope leading to the spectacularrockysummit ridge. Parts of the route are exposed and can be subject to high winds. The summit pyramid can be climbed via two routes. The easiest route is via the lefthand (easternridge which is less steep than the right-hand (western) ridgeMany teams traverse the peak by climbing the right-hand and descending the left-hand route. Your guide will select the route that is most appropriate based on the weather conditions and the abilities of the team. 

 

Nå er det bare å krysse fingre og tær for at Cato kommer seg til topps. Vi var inne på positive og negative egenskaper her tidligere i innlegget. Nå kom jeg på en positiv egenskap til. Følge drømmene sine, det er Cato god på. Å sette seg dette målet, om å nå toppen av de høyeste toppene på hvert av de syv kontinentene, er det Cato ville kalt "hårete".  Det er jeg enig med..det grenser mot galskap. Som jeg sa sist bloggeperiode i sommer da han skulle til Denali: Når han er tilbake er han høy på livet og klar for neste tur til nye høyder. Det stemt selvsagt.  Om dette går i boks er det selveste Everest som står på tur. Jeg kjenner jeg blir kvalm med tanken. Ikke bare er det farlig, men det koster jo en enebolig å få være med på den charterturen. Jeg har kanskje glemt å få med at vi begge jobber i kommunen, og vil i den sammenheng takke Catos generøse sponsorer: #kvalitetskontroll#monterøygarden #Torsvikelektro #peakfitness#ESHbetongogentreprenør #malerfirmamonsen #øygardenelektriske#martonoutdoor #øygardsmila #draumenomsevensummits #liveterbestute#utno #øygarden #hordaland #vestlandet #tv2 #nrk #nrķhordaland#finndinsydpol #entreprenorjosteinoen #seadive #daleoenexperience#øygardenkommune #nordlyssport #Sekkingstadas #kjellemann 

Jeg håper virkelig at dere har gått med overskudd i år. Jeg garanterer at Cato kommer innom ila 2018, og da vet dere hva han trenger🙂  Når Cato er hjemme kan han bestemme litt når det kommer til hvor freidig vi kan være når det kommer til sponsing, men når han er borte er det jeg som bestemmer. Og jeg håper virkelig at økonomien hans er på plass julen 2018 – for da får jeg kanskje julegave 

Takk for meg i denne omgang. Jeg poster så snart jeg hører noe fra pingvinenes rike. I mellomtiden krysser vi fingrene, og gleder oss til den beste julegaven -  å få Catoen hjem igjen. 

18. des, 2017

Dårlege nyhende!

Kl 0700 lokal tid, fekk eg ein telefon fra ALE sin representant, og han kunne fortelle at vinden har tatt seg opp. På bildet eg har lagt ved kan du sjå heilt øverst til venstre at det på Vinson er 35 i vind. Det blir derfor ikkje fly til Antarktis i dag. Eg ser på værmeldingen at morgondagen ser litt meir lovende ut, så eg krysser fingrene!

Gradene på toppen av Vinson ligger over førti (effektive) minusgrader, og det vil holde seg rundt den temperaturen så lenge eg er der. Union Glacier ligg i le for vinden, og i sola, så der er det mykje varmere. Rundt 15 minusgrader, noko som er positivt. Det kan vere at me ikkje blir på Union Glacier meir enn ein dag, før me drar videre til basecamp, siden vi no er T minus 1 dag bak skjema. 

Me har heldigvis nokon ekstra dager bakt inn i tidsskjemaet vårt, i tilfelle slike ting som dette skulle oppstå, så eg er ikkje bekymra enno. Kjenner eg er utålmodig etter å komme igang.

Siden eg fortsatt har Wi-Fi dekkning her i Punta Arenas, har eg høve til å skrive blogginnlegg fortsatt. Eg har lyst til å sende ein helsing til 8.klasse på Øygarden ungdomskule. Eg og Ingrid er kontaktlærar for kvar vår basisgruppe i M2, som er ein fantastisk gjeng 👏 Kjenner eg Ingrid rett, så er ho i full vigør med retting av tentamen, undervisning, samstundes med at ho legg opp til ein fin juleavslutning for dei flotte ungdommene våre. 

Helser til resten av teamet på jobb også, gler meg til å treffe dykk etter jul. Det er kjekt å jobbe på ØUS, eller som min kompis på kontoret,  Torstein alltid seier "Endeleg måndag!" 

No må eg ned i resepsjonen å booke meg rom for ei natt til, Punta Arenas er den 3 måneder lange sesongen med klatring i Antarktis snart over, men trekking sesongen her på fastlandet har startet, så det er ganske fullt på alle overnattingssteder. Det ser ut til at eg og William De Carlo, (Bill) som eg har blitt kjent med her nede, kan få booket oss inn og dele eit tremannsrom på dette hotellet. Håper det går i boks, så eg slipper å skifte hotell. 

Eg kjem med ny oppdatering så snart eg veit noko meir. Me snakkes😊 

Helsing Cato

Kommentarer

18.12.2017 20:16

Turid

Lykke til, Cato😄 Det ordner seg for barske gutter😄💪👍

02.01.2018 22:35

Cato

Takk for det Turid, er det Noko Øygarden er kjent for så er det barske jenter og gutter💪💪😊

18.12.2017 12:59

Tone hos Marton Outdoor

Lykke til kompis! Vi følger med!

02.01.2018 22:36

Cato

Takk Tone, bobben gjorde stort inntrykk i Antarktis 👏👏Kjekt å samarbeide med deg og Marton Outdoor 👌👍

17. des, 2017

Dagen før dagen! I morgon flyr eg inn i Antarktis!

Det har vært nokon hektiske dager i Punta Arenas, verdens sydligste by! Eg landa etter 37 timers reise i går, og har vært innom Nederland og Brasil, før eg landa i Chile. 

I går var det Gear Check med Antarctic logisticks and expeditions (ALE), som eg besto. Reglene for å komme inn til Antarktis er veldig strenge, og eg har måtte børste undersiden av skoa, og alle klærne mine, for at det ikkje skal være skitt eller frø fra planter og andre urenheter som kan forurense miljøet i Antarktis biologisk.

I kveld skal vi møtes på hovedkontoret til ALE for informasjon om avgang og vær oppdatering, så nå er det berre til å krysse fingrene. Været styrer alt. 

Eg har nettopp veiet bagasjen og levert den fra meg, så det eg har igjen nå er håndbagasje og klærne eg skal reise med på flyet. Klærne til turen er nøye planlagt, eg tok bilder som du kan se her på sida. Først har eg lagt på meg mellom 3 og 4 kilo dei siste to vekene, det er viktig å ha ekstra kilo på magen og bollekinn i starten, det både isolerer og gir deg litt ekstra å gå på når det er ekstra tungt. Du forbrenner meir enn det du greier å ete, samme kor mykje du stapper i deg. På Aconcagua i 2015 gjekk eg ned rundt 12 kilo på ca 20 dager. 

Undertøy i ull, og sokker som skal holde varmen ned til -32 grader er det første laget eg har på meg. Etter det har eg baselayer. Det er ein heildress frå Brynje med netting innerst og ull ytterst. Så har eg eit mellomlag som består av en fleece bukse og ein hoody polartec frå Black Diamond, neste lag er ein tynnere dunjakke og ei vindbukse. Siste laget er det ein kaller polar insulation layer. Som er ein tjukk -40 dunjakke a la Michelin mannen. 

I tillegg kjem spesialsko, hue i merino ull, ekstra vindjakke, hansker og votter. 

På flyet kan vi ha med oss litt håndbagasje, og der ligg det kamerautstyr, solkrem, skibriller og solbriller, førstehjelputstyr og litt andre småting.

No kjenner eg at det kribler i magen, og er er veldig klar for å komme igang. Flyet du ser på bildet lander på Union Glacier i morgon med oss om bord hvis været er bra. Eg traff ein ein kar her i Punta Arenas, som hadde vært på samme tur, og han hadde blitt fanget i skikkelig uvær med gruppa si, og kom tilbake her ti dager etter skjema! 

Fra Union Glacier, reiser vi med eit mindre fly som har skimeier så det kan lande på snøen. Det frakter oss videre til Vinson bacecamp, der vi starter turen ifra. Om vi reiser direkte fra Union Glacier til basecamp, eller om vi venter ein dag (eller 10!) På Union Glacier er det været som avgjer. Fra da av vil alle avgjerdsler me tar, vere styrt av naturkreftene rundt oss.

Me vil dra pulk og bære sekk frå Basecamp til low camp, og når vi starter turen til highcamp vil pulkene bli igjen. Vi skal opp en 45 graders vegg, og bruker isøks, taubrems og klatretau for å nå highcamp. Fra highcamp går vi til toppen av fjellet, og er vi heldig, så når vi toppen 1.juledag. Etter toppen er nådd, klatrer vi ned til highcamp for å kvile og få kreftene attende. Så går vi frå highcamp og heile veien til basecamp i eit støt hvis været er bra. Er været dårlig, blir det ei ekstra natt i love camp.

I basecamp venter vi til flyet henter oss og frakter oss til Union Glacier, dette er væravhengig, men klaffer alt flyr vi ut av Antarktis og lander i Punta Arenas den 30.des. om morgenen. Den kvelden reiser eg så 37 timer heimover og lander på Flesland kl 1500 den 1.januar. Forhåpentligvis med Vinston, fjell 6 av 7 i beltet.

Dette er siste bloggen fra meg, nå mister eg kontakten med sivilisasjonen fra og med i morgon, men Katrine vil oppdatere bloggen dei neste to vekene. God jul og godt nyttår til alle dåke der heime.

Klem frå Cato

Kommentarer

17.12.2017 21:31

Thormod

Virkelig lykje til!

17.12.2017 21:15

Nils T

Lykke til Cato! 💪🏼😊

17.12.2017 16:07

Heidi Robertson

Spennande. Håper været spelar på lag 👍. Masse lykke til 👍😘