14. mai, 2018

Andre som merker at ungene byrjar å bli store?

Det er ei merkeleg kjensle, å sjå dei to eldste på 12 og 13 år pakke turutstyr sjølv, planlegge og fylle opp sekkene sine, for så å legge i veg. Å gå i frå å vere foreldre/familien sine pakkesler, til å få ungar som tar i eit tak, åpner ei heilt ny turverden! Når ein i tillegg slepp å ha Tindra på 7 år i augekroken heile tida, men kan slappe av med ein kaffikopp og vera trygg på at ho klarer seg sjølv i ulendt terreng og klyver rundt uten å havne i sjøen eller klinker i bakken, er det ein heilt ny frihet som plutseleg gjer seg gjeldande.

Med eit er det lett å berre setje av garde, pakke ned telt og klatreutstyr, setje opp leir, (ungane hjelp til med å  slå opp telt, så mor og far kan organiserer mat og anna utstyr), og med eit blir det mykje meir tid til å klatre, rappeller, beundra utsikta, ligge på varme svaberg, kose seg med bålkaffi og berre nyte lyden og synet av kidsa som koser seg gløgg i klatreveggen. Det er fint.

På slike fine soldager er det godt med sjølvhjelpne ungar, men det hadde samtidig vore fint å fryst tida nett her nokre år. Dei treng ikkje vokse så fort lenger no😂 På tysdag er det meldt fint vær, så då tar me turen ut til Atlantis veggen igjen. Det er fint med selskap, så ta med deg klatreutstyr, ein eingangsgrill,  ungar og nyt utelivet i vakre Øygarden du og. Me snakkast på tysdag😊

11. mai, 2018

90.000 har lest bloggen i år!

Det er kjekt det! Lite hadde eg sett for meg at bloggen skulle bli lest av så mange dette året😊Det å starte ein blogg var langt utanfor min komfortsone, og det tok nokon måneder frå eg starta bloggen til eg byrja å skrive fast. I dag er det lettare og eg synes det er kjekt å dele både tur innlegg og andre turrelaterte saker. Spesielt kjekt har det vore å lest innlegg frå gjesteskribent Katrine (kånemor) etter eg har komen heimatt frå ekspedisjonar😊

Nett no er det veldig kjekt med mange spennande prosjekt på gang, eg kjem attende med meir om det når det nærmar seg. Været er flott for tida, og det er endelig mulig å starte klatresesongen ute🙂 Eg har guida fleire turer på klippe og juvvandring allerede, og dei fleste har vore i strålande sol. Det er ekstra fint! Mange veit at eg driv eit opplevelses selskap (Klyva AS) saman med Øystein og Anders Torsvik, og nytt for året er at jentene mine (Ronja og Rowena) i år skal ha sin første sesong som guider for oss. Dei har begge tatt brattkurs, og har vore med så smått i mange år. No er dei blitt 12 og 13 år gamle, og er klare for å bli meir aktive som guider denne sommaren. Dei er flinke, og det er alltid kjekt å ha dei med på guidede turer. 

Det er booka opp mange oppdrag i år, så det blir ein travel sesong, 90 % av oppdraga er amerikanarar som vil ha ein aktiv ferie, og samstundes oppleve naturen her ute i Øygarden. Eg skjønar dei godt:) Bildet på bloggen i dag vart tatt i ein av klatreveggane her på Toftøy, eg har hatt 45 strilar på brattkortkurs i år, og no har dei høve til å boltra seg i klatreveggane frå sør til nord i kommunen.

Sjølv skal heile familien ut å klatre i Atlantisveggen på Toftøy no på laurdag(i morgon), då blir det klatring, buldring, grilling og kos (og kanskje overnatting i telt, om været viser seg frå si beste side.) Ha ei fin helg. Livet er best ute:)

Helsing Cato

22. apr, 2018

45 striler på klatrekurs!

Dei tre siste helgene har vore hektiske! Det har verkeleg blitt liv i klatremiljøet i Øygarden igjen, og med så mange flotte utevegger som me har her i kommunen, er eg skikkelig glad for det👏I den nye fleirbrukshallen kjem det eit nytt buldrerom, der dei som har tatt brattkortet kan finslipe teknikkene før dei går ut og klatrer. Me burde sjølvsagt hatt ein inneklatrevegg i kommunen som er tilgjengelig for alle, og kanskje det er mogleg få til med tida. I mens er det berre til å glede seg til solskinnsdager med buldring, klatring og grilling i vakker øygardsnatur 👌Anbefaler alle å prøve Atlantisveggen som ligger rett før turøy på Toftøysida, og alle dei andre veggene som ligg som perler på ei snor frå sør til nord i kommunen. Takk for ein fin dag, til alle som deltok, dette var kjekt😊

21. apr, 2018

Sponsorfilm laga i samarbeid med Kvalitetskontroll AS

Veien til 7 summits (trykk på denne linja for å sjå filmen😊)

Timer med gode samtaler saman med Tommy hjå kvalitetskontroll, resulterte i denne fine filmen om andre ting enn berre fjell, snø og frihetsfølelse. Litt rart å sjå seg sjølv snakke om nett desse tinga, men veldig fint også. Kjekt at Tommy bruker tid på å fokusere filmen på tankar som ein kanskje ikkje alltid forbinder med fjellklatring. Takk til Tommy og kvalitetskontroll for at dei støtter meg økonomisk mot målet, og for den personlige og fine måten dei møter andre på. Takk😊

15. apr, 2018

Stolt pappa!

I dag var ein spesiell dag, begge jentene mine har hatt bursdag, og er endelig gamle nok til å ta brattkortet. Som dei to yngste på kurset, med sju vaksne deltakarar, skulle ein tru dei var nervøse, men nei! Etter mange intensive timar med både praktisk og munleg prøve, besto dei begge to👏👏

No er dei sertifiserte klatrere, og kan bruke klatreveggene både ute og inne til å klatre i utover våren og sommeren. Gratulerer til Ronja og Rowena, og til dei sju andre som og besto kurset i dag. God innsats og godt humør heile denne fine ettermiddagen i Kollsneshallen.

Neste søndag er det satt opp kurs frå kl 15-21, der er det 3 ledige plasser.

Ha ein fin søndag😊