8. aug, 2017

Nedturene er viktigst!

Når er det folk dør på fjellet? Det varierer sjølvsagt. Men i hovedsak er det når ein er på veg ned igjen til tryggleiken. På veg opp har ein fokus, ein er på! Ein tar hensyn til kva hovudet veit om høydesyke, snøkvalitet, ras, sikring, temperatur osv.
Når toppen er nådd, er det berre halve turen som er gjennomført! Mange gløymer det, og det er derfor me har utrykk som summit fever.
Dei fleste ulykker, og dødsfall på høge fjell skjer på vegen ned igjen! Det er derfor, som i livet generelt, at det er nedturene som er viktigst!
Dei som har opplevd tøffe ting og motgang i livet sitt, og komen heilskinna ut av nedturene, har ein ekstra ballast. Nedturene gjer oss sterkere, sjølv om det i perioder er vondt.
Eg har kanskje lært mest om meg sjølv av nedturene mine, om det er tragiske ting i nær familie, eller turar som ikkje har gått slik som dei var tenkt. Ein ting er sikkert, eg ville uansett ikkje, i etterklokskapens lys, vore foruten læringa og utviklinga ein får som menneske, av å møte motstand, sorg og savn.
Nett som hard trening, er det å utfordre seg sjølv i situasjoner ein er redd for, det som gjer ein ekstra dimensjon til det å vere menneske og det å leve. Nedturene er viktigst tenkjer eg, dei former oss, gjer oss sterkere, meir erfaring, skaper oss til bedre menneske, om me velgjer å lære av dei.....

5. aug, 2017

Toppen av Denali 6190 moh

Toppen av Denali 6190 moh. Foto tatt av min klatrekompis Ståle Ravem. Det var ei kald og eksponert toppnatt. Nydeleg utsikt 50 høydemeter lavere, på toppen 30 min seinere var det white out. Hugser best krumninga av jordkloda, fjell på fjell under meg, måne og sol oppe samstundes, og det oransje lyset mot den kvite snøen, i det vi forlot platået og rusla på ein hardpakka egg, mot toppen kl 0030. Denne natta, med midnattsol i ryggen var hard og herlig. Takk for ein fantastisk tur til mine klatrekameratar 👍 #kvalitetskontroll #monterøygarden #Torsvikelektro #peakfitness #ESHbetongogentreprenør #malerfirmamonsen #øygardenelektriske #martonoutdoor #øygardsmila #draumenomsevensummits #liveterbestute #utno #øygarden #hordaland #vestlandet #nrkhordaland #vestnytt #finndinsydpol #entreprenorjosteinoen #seadive #daleoenexperience #øygardenkommune #nordlyssport #Blackdiamond #Falcke #Stenehjemphoto #Kjellemann

4. aug, 2017

I dag fekk eg denne kjekke helsinga frå USA:) I got this great message from USA today :)

Dariuz har fått kamera i posten, og eg fekk denne helsinga hjå han i dag tidleg. Hi Cato !! Thanks for this great opportunity for us to meet and enjoy all the great photos from Denali Expedition, thanks to You my friend. 😊😀😉
Det var veldig kjekt å få vite at kamera var komen fram, og at han har fått tak i bildene. Men har snakka litt Saman på messenger, og kjem til å holde kontakten. Eg har ynskte han lykke til med neste eventyr, og sagt til han at han må halde meg oppdatert, så kanskje våre vegar krysses igjen😊
I dag står det ein Artikkel i Vestnytt om kamera saka, så det passa godt at eg fekk denne meldinga frå USA i dag. Eg trur eg skal sende han artikkelen frå Vestnytt. Han og kameratene synes det er artig at dei er blitt skriven om i avisene i Norge, dei har blitt litt kjendiser i USA og Polen og. Fleire aviser der borte har skrive om denne saken, så det er litt ekstra artig. God sommer helsing frå Spania til mine nye venner i USA.
Engelsk:
Dariuz has got his Camera in the mail, and I got his greating from him this morning:
Hi Cato !! Thanks for this great opportunity for us to meet and enjoy all the great photos from Denali Expedition, thanks to You my friend. 😊😀😉
It was very nice to know that the camera had arrived, and that he had gotten the pictures. I have wished him luck with the next adventure and told him to keep in touch, and maybe our path will cross again.
Today there is an article in Vestnytt about the camera, som it was nice to get this message from the USA today. I think I will send him the article from Vestnytt. He and the comrades think it's nice that they have been written in the newspapers in Norway, they have become some celebrities in the United States and Poland and. There are many newspapers that have written about this case, so it's a little extra fun. Happy summer from my familyholiday in Spain to my new friends in the United States.

3. aug, 2017

Kjenner at eg er blitt 43 år 😂 22 timers toppstøt gjekk likevel overraskende bra 👍

Alder er som å bestige et fjell. Man blir nok litt andpusten, men får en mye bedre utsikt.
Sitat :Ingrid Bergman

29. jul, 2017

Har du ikkje flyskrekk? Då bør du prøve dette!

Turen frå byen Talkeetna og inn til Kahiltna base camp, kan beskrivast som særs spektakulær. Ein treng ikkje klatre Denali for å ta turen inn med fly. Det vil riktignokk koste deg nokon tusenlapper, men er verkeleg verdt det. Er ein heldig, så får ein lande på breen også. Vegen inn var heftig, ein føl tre stor elver, som sakte men sikkert går over i fast form, og blir til tre store brearmer som strekker seg mot foten av Denali. På flyturen inn, fekk me sjå Denali som majestetisk strakk seg ut av skylaget eit kort augenblink, før toppen igjenn vart innhylla i mystikk. Denne flysnutten tar berre for seg landinga på Kahiltna breen, og rettferdig gjer ikkje flyturen inn i det heile. Likevel artig å lande på snø og is, mellom massive fjell. Den improviserte rullebana var flytta lenger opp i fjellet dette året, pga at bresprekker hadde oppstått der den var tidligere.