8. sep, 2017

Frå flatt hav til verdas tak-

3. sep, 2017

Ekspedisjonslivet. Episode 7. Den beryktede Headwall! 40 til 55 graders klatring til 4900 moh.

Det er når ein kjem over 4300 meter at den ordentlige klatringen byrjar! Headwall er den bratteste klatringen på ruta til toppen. Klatringen startar med eit 370 meters langt moderat klatreparti, som leder til ein 240 meter vegg som varierer mellom ein hellningsgrad på 40 til 55. Denne veggen er ein is og snøvegg, og krever effektiv klatring samstundes som ein bærer tungt. Headwall har ein brokket historie med fleire snøskred, og bør unngåas etter snøstormer. Den har også bresprekker mellom 4400 og 4700 meter som ein bør vere oppmersom på.
Nesten kvart år dør det klatrere på Denali på grunn av fall, høydesyke eller eller vær, frå ein byrja klatring på Denali og fram til 2012 har over 112 klatrere dødd på fjellet. Headwall er eit område som bør klatres med respekt. Eg las nett ein artikkel skriven av everest klatreren Alan Arnette som prøvde å klatre Denali i 2001, 2007 og 2011. Han vart på første turen sin stoppa av været på ca 5500 meter, da kraftig vind stoppa toppstøtet. i 2007 etter å ha venta sju dager på 4200 meter -Basin camp, kom han seg til 5000 meter, før eit mage vonde utvikla seg til ein infeksjon. Han fekk klatra seg ned langt nok til å bli flydd ut av helikopter. I 2011 låg han med teamet sitt på high camp i 5200 metershøyde i 8 dager. Dei gjekk tom for fuel og mat, og måtte snu uten toppstøt forsøk.Han har ikkje gitt opp håpet om ein gong å nå toppen.
Eg har tidlegare blant anna klatra Aconcagua, der toppen ligg rett under 7000 meter. Denali opplevde eg som ein meir fysisk klatreekspedisjon, den involverte tunge sekker, og sleder. Det er lengre perioder med klatring enn på Aconcagua, og ein klatrer i djupare snø i høgare atmosfære enn på Acon. Ein klatrer også på faste tau (fixed ropes) på dei mest utsatte plassane. I tillegg kan været være ekstremt brutalt med kraftig vind og kalde nattemperaturer.
I tillegg opplevde me at været aldri var det same, det kunne snu frå time til time. Den meste av filminga mi skjer når sola skin, så ein kan få eit inntrykk av at me er på tidenes påsketur;)

1. sep, 2017

Ekspedisjonslivet. Episode 6. Lita tue kan velte stort lass! Dagen vi nesten måtte gi oss!

Lita tue kan velte stort lass! Å kunne koke vatn er heilt essensielt for ein ekspedisjon, når plutselig brennerene ikkje lenger virker, er ekspedisjonen i fare. Vi var ein av dei siste ekspedisjonene, så det å få låne av andre var heller usansynlig. Nokre timar såg det veldig mørkt ut, me diskuterte om nokon skulle gå heilt ned til camp 3, og hente ein brenner som vi hadde cashet der, ei umåtelig tung oppgåve, men kanskje nødvendig. Me fekk tilslutt tak ein annan ekspedisjon, som var ferdig med toppen og skulle ut av fjellet. Me bytta til oss ein fueltank som virka av dei, og klarte å fikse to sjølv .Gleden var stor når me klarte å lokalisere og ordne problemet:)
På Basin camp (4.300 moh) kan været være ekstremt, 80 kilometer i timen og stormer er ikkje uvanleg, ein kan oppleve at det snør 1 til 1,5 meter snø i ein periode på 24 timer, og tempraturer ned mot 40 minus er ikkje uvanleg. Dette er eit område som ikkje er prega av fare for snøskred, det er også mindre bresprekker her enn i camp 3. I denne høyden, kjenner dei fleste klatrere på kjensla av AMS (Acute Mountain Sickness). Det er den mest vanlege forma for høydesyke, og kan vare frå nokre få timer til eit par dager, og nokon kjenner faktisk på det allerede på 2500 moh. Symptomene inkulderer hodepine, svimmelhet, ein mister matlysta, kvalme, vansker med å sove og ein får mindre energi.Hendene og ansiktet kan svulme litt opp på grunn av væskeansamlinger i kroppen. Å få i seg nok vatn, kan motvirke mild AMS, og det var ein av grunnene til at det å få igang fueltankene igjen. God stemmning med Ståle i videoen, då alt hadde ornda seg:)

27. aug, 2017

Med Astrid til sydpolen!

Sydpolpulken som skal bli med i Roald Amundsens rute når Astrid er i ferd med å prøve å bli første kvinne i verden til å gå denne ruten i okt.2017, har plass til flere bilder. Sjølv er eg med å støtter Astrid, og bildet mitt er på pulken. Det er ein enorm bragd Astrid gir seg i kast med, og eg veit kor utfordrende planlegging, trening og økonomi kan vere for å få ein slik draum til å gå i oppfyllelse. 
Det nærmer seg ekspedisjonsstart med stormskritt, og Astrid mangler fortsatt noen midler. Sivert og ho jobber selvfølgelig ut mot større sponsorer, men regnestykket kan også se sånn her ut.
600 bilder til på pulken er det dei mangler.
Vil du være med å gi dei ditt bidrag? Og da, som meg, bli med på Sydpolferden, med ditt bilde på pulken? Gå inn her og meld deg på: www.finndinsydpol.no
Del gjerne og hjelp Astrid å nå flest mulig:-)

25. aug, 2017

Svoger Vidar og meg sin fjelltur er komen på sidene til ekspedisjonsnettstedet pizpalu.no,!

Er du interessert i, eller tenker på ekstraordinære turer, eller ekspedisjoner? Sjekk ut dette nettstedet, eg har sjølv vore i på tur med Tor Henrik, som driver det, og han er ein kar som veit kva
han holder på med😊 Har lagt inn litt info om siden , gå gjerne inn på linken for å sjå kva i det går i.
Pizpalu.no
Historie og formål
Jeg er en hobbyklatrer som har savnet et norsk nettsted med informasjon og nyheter om ekspedisjoner. Siden dette ikke finnes så fant jeg ut at jeg får lage det selv. For ikke å gape over for mye vil jeg prøve å begrense meg til 7 Summits og 8000 meters fjell. Det er stadig mer populært for nordmenn og begi seg ut på slike eventyr så på denne siden vil jeg forsøke å samle praktisk informasjon, reiseskildringer og nyheter. Dersom noen har tilleggsopplysninger, korreksjoner eller forslag så ta gjerne kontakt.

Navnet
Ettersom alle åpenbare domenenavn allerede er tatt måtte jeg tenke litt annerledes. Valget falt derfor på et Italiensk fjell som jeg hørte om i filmen Inglorious Basterds. Jeg syntes navnet var artig og annerledes og glemte det ikke, forhåpentligvis gjør ikke du det heller:)