11. aug, 2019

Har du lyst å gå Noreg på tvers? Her har du nokon gode tips!

 Takk til mine sponsorer som støtter meg i draumenomsevensummit.com prosjektet. Øygarden Elektriske, Malerfirma Monsen, Black Diamond, Nordlyssport, Peakfitness og Øygarden kommune. Instagram: fredagscato

 Fleire ruter!

Du kan gå fleire ruter, sjølv gjekk me for den offisielle Noreg på tvers ruta, langs 63 grader nord. Ein av årsakene til det var at me hadde lyst å få med oss fjellmassivet Sylan på svenskegrensa, eit vakkert syn som dukker opp ein heil dag før du når fjellet. Du kan yte utsikta heile dagen i det du nærmer deg. Me gjekk frå fjorden i Stjørdal til svenskegrensa i Tydal. Det er «oppoverbakke» heile vegen. Har du hastverk, anbefaler eg å starte i Tydal og ende opp i Stjørdal, det er ein lettare tur.

Ta med fiskestang!

Vanligvis regner ein 7 dager på turen, me brukte fem, og hadde likevel god tid til å ta ein avstikkar frå hovudruta. Fiske vart det og tid. I vatnet før Ramsjøhytta var det både aure og røye.

Be bold go cold!

Turen er 120 km lang, og blir regna som ein krevande tur. Me syntes ikkje den var det, det er godt merka ruter, og ikkje så lange etapper mellom rutene, sjølv vlagte med ved to høve å gå to dagsetapper i eit. Likevel ser eg at turen kan vera krevande om du ber for tungt, eller får dårleg værforhald. Sjølv hadde me ned mot 5 grader to av dagane, men gjekk likevel berre med eit tynt lag med ull, og lette gore-tex jakker. Me gjekk etter prinsippet be bold og cold, og lot kulden styre tempoet vårt. Vart me litt kalde, så gjekk me litt fortare så temperaturen vart behageleg. Det gav oss og ein fordel i oppoverbakker som det var mange av. Me kunne sette ned tempoet og var varme utan å bli svett.

Familietur?

Eg vil sei absolutt ja! Ta gjerne med deg seksåringen på turen, men regn då inn 9 dager istadenfor 7, ta med eit lett shelter eller ein tarp og gå for mange pauser undervegs. Unger er ikkje så gode til å regulere kroppstemperatur, så ver forebudd på grader ned mot null sjølv om det er sommar.

Gode tips!

Meld deg inn i DNT, og skaff deg gjerne expedition-pass. Dette finn du på norgepatvers.no Passet gjer deg verdikort for kost og losji på turisthyttene, i tillegg er det ein fin kuriositet å bli registrert på den offisielle Noreg på tvers lista, og det er jo litt kjektJ Expeditionpasset får ein i type 1 og type 2. Me gjekk for type 1 som er det dyreste. Det kosta 3525 kroner for DNT medlemmer(1500 kroner spart). Me planla å gå med maks 10 kilo på ryggen, og med dette kortet får ein overnatting på alle hyttene, noko som gjer at du berre treng lakenpose i sekken (det er ikkje lov å bruke sovepose på DNT hyttene pga at ein ikkje vil ha spredning av veggdyr frå folk som reiser rundt heile landet på soveposeferie). Det er dyne og pute på alle hyttene, derfor er lakenpose smart å ta med. Passet gjer deg og losji på tre av hyttene, noko som gjer at me kunne pakke 4 realturmat og 7 poser med mellommåltid (ziplockpose med havregryn, rosiner, sukker kanel og smør) kvar. Lett og praktisk, varm opp vatn og vips er du ferdig. To liter vatn på kvar etappe var nok til drikke, kaffi og mat.

p.s. forarbeid er viktig! Gå inn på norgepatvers.no og les alt om medlemsbevis, dnt standardnøkkel og åpningstider. Turistforeningen i Stjørdal, der du starter frå er stengt laurdag og søndag, så start turen i vekedagene. Fredag stenger dei kl 1200!

Viktig! Det ingen fortalte oss at det berre gjekk ein buss om dagen frå Stuggudalen og attende til Stjørdal. Den går kl 0710. Heldigvis fekk me den informasjonen frå hyggelige ansatte på Nedalshytta (siste hytta før svenskegrensa.) Me bestillte derfor taxi til kl 0615, den henta oss på hytta og kjørte oss dei 20 min det tok til busstoppet.

Gå inn på Instagram, søk på profilen min: fredagscato Der finn du bilder og forklaring på alle dagsetappene, kva terreng ein går i, namn på alle hyttene og kva som møter deg.

Kart og kompass eller ikkje?

Laster du ned UT.no appen så ligger heile ruta der, og du kan følgje den på gps. Me brukte ikkje kart eller kompasset på heile turen, rett og slett fordi ruta var så godt merka, og fordi det var så enkelt å bruke appen. Den gav oss heile tida informasjon om terreng, tida me hadde brukt, kor me befant oss og korlangt det var igjen på kvar etappe. På den eine etappen kom det inn tåke, og hadde den vorte tjukkare kunne nok kart og kompass blitt  tatt i bruk, men det klarna fort opp og vart ikkje naudsynt. Anbefaler eg å gå utan kart og kompass i sekken. Eit klart nei, sjølv om du fort kan ende opp med å ikkje få brukt det.

Mi pakkeliste:

75 liter sekk (Reklame:sjølv bruker eg Black Diamond Mission 75 liter sekk) * Vanntette fjellsko og joggesko (du får bruk for begge). Caps,buff og lue (lua vart ikkje brukt) * Tynne hansker (vart ikkje brukt) *Kaffiposer med to kaffikopper i kvar pose. 7 ziplock poser med havreblanding, 5 barrer til ekstra tunge etapper. 4 real turmat.* Myggnetting til hovudet. * Ein parkas som dekker kropp og sekk (så slepp du ekstra trekk til sekken)* Turbukse og shorts. * To ulltruser.* to ulltrøyer*1 ullongs 1 tynn dunvest. *1 fleecejakke/genser* 2 ullsokker, 3 bomullsokker*2 drikkeflasker på 1 liter kvar. * førstehjelpsskrin og myggmiddel. *Kopp, fat og bestikk.* Gassbrenner.* Fiskeutstyr. * Mobil/kamera.*Toalettsaker, solkrem.

God søndag og god turJ

-Cato

26. mai, 2019

Vant namnekonkurransen!

Kald og våt opning!

Til tross for fine dagar i mai, vart det ein kald og våt opningsseremoni på parkeringsplassen der stien ut til hytta på Skogsøy starta. Til tross for det, var det god stemning blant dei oppmøte. Leiar for kulturavdelinga i Øygarden innleia med å rose dei frivillige som har vore med og gjort eit stort stykke arbeid saman med Bergen og Omland friluftsråd, Øygarden frivilligsentral og ikkje minst vart det sendt ein takk til grunneigar som har lagt til retta for at hytta kunne få stå nett her ute.

Ein unik stad!

Øygarden er ein ynda stad for fugletittarar frå inn og utland, og Ornitolog Lars Ågren fortalde om det unike fuglelivet på Skogsøy, Ordførar Børge Haugetun gav oss ei historisk reise, der han kunne fortelja om kor uttrykket «slepp meg fram, eg er frå Herdlevær!» kjem frå. Eit utrykk eg har hørt og humra av mang ein gong, men no altså har vore så heldig å fått bakgrunn historia for.

Kva skal barne heite?

Før Sotra og Øygarden turlag guida trygt og samla ut til hytta, der dei frivillige i Brubyggjaren fekk montere namneskiltet og erklære hytta som open, vart hytta sitt namn lansert.

Hildringsbu!

Det kom inn over seksti forslag, og sjølv hadde eg mange favorittar. Mitt forslag sendte eg inn på bakgrunn av minner frå sommarkveldar då me var ut i båtar og trekte teiner, eller fiska teinemat. Det var ein fin hobby å ha for å tene lommepengar og ikkje minst pengar til bensin. Bysludden kjøpte krabben på sine helgeturar til havgapet, og me strilaguta håva inn «store» pengar. Hildring er vanleg i fint vær om sommaren i Øygarden. Det er eit optisk fenomen som gjer at båtar, holmar og skjer i det fjerne ser ut til å vere høgare oppe enn dei er i røynda. Båtar som vanlegvis er skjult under horisonten blir synlege fordi lysstrålane bøyer seg. Av og til når det er ekstra sterk hildring kan små dønningar langt ute sjå ut som høg sjø, og små skjer sjå ut som store slott. Mange vil nok kjenna igjen beskrivinga som fata morgana, eit bilete av ein gjenstand i horisonten som ser ut til å sveve over bakken.

I Hildringstimen er det godt å seile!

Med Erik Bye og visa hildringstimen i tankane, sendte eg inn forslaget. Erik Bye skrive om visa at hildringstimen for ham også er eit slags «indre landskap» der ein er i harmoni med seg sjølv og sine omgjevnader.

Eg har derfor lyst å omskrive visa litt i dette høve, og lanserer herved verselinja -I hildringstimen er det godt å speide- Øygarden, dette flotte lokalsamfunnet, med vakker og barsk natur, vilt og ekte, har fått endå eit inspirerande turmål. Ein plass for fugletitting, rasteplass på tur, kvileplass med utsikt og som Erik bye sjølv skreiv. Ein plass der ein kan vere i harmoni med seg sjølv og sine omgjevnader. Velkommen til Hildringsbu og god tur!

Foto. Tindra Risløw:Bilete av glad vinnar og Leiar for frivilligsentralen Henrik Angermund som delte ut vinnerpremien. Ein flott kikkert, på vegne av Kulturkontoret i Øygarden.

18. mai, 2019

Fjellfestival og vårens vakraste eventyr på Haukeli!

10. til 13. mai var one for the books! Eg var invitert til Haukeliseter og Haukeli fjellfestival av Black Diamond for å halde foredrag. Eg reiste opp rett etter eksamen fredag, og var passe sliten då eg parkerte utanfor Haukeliseter. Rammene rundt arrangementet var perfekt. På veg opp kom det nysnø, og dagen etter skulle det bli strålande sol!

Nybyrjar i hardt vær!

Til tross for mange år på langrenn og snowboard, er eg relativ ny på randonee. Eg gav beskjed om det, og at eg gjerne ville delta på ein tur tilpassa mi begrensa erfaring. I tillegg til at eg kom så seint at eg gjekk glipp av infomøte om turane, fekk eg beskjed frå dagleg leiar på Haukeliseter at han hadde ein ledig tur til meg, det var berre til å møte om morgonen. Det var ei lita gruppe og god plass i bilen. Der burde alarmklokkene mine ha byrja å ringe..

Kva? Skred? Tracker?

Eg holdt på å ta på meg ski og utstyr, gruppa på åtte inkludert to guider var komen seg ut av bilen. Guiden gjekk rundt og logga inn tracker på alle i gruppa, sjølvsagt hadde eg verken spade søkestang eller tracker. Eg var heilt uforberedt, og passe flau. Turen eg var satt opp på var litt over seks timer lang, me skulle gå i skredutsatt terreng, ta snøprofiler, klatre med ski på sekken og kjøre fleire bratte renner! Det gjekk opp for meg at dette ikkje kom til å bli ein dans på roser.

Black Diamond mirackle worker: Tor!

Tor som jobber for Nordlyssport og BD, hadde skjønt tegninga tidleg, og trylla fram alt eg trengte frå bilen sin. På 10 sekund var eg rigga klar for den lengste og mest ekstreme turen på Haukeli fjellfestival si turliste. Eg såg lengselsfullt bor på gruppa ved siden av meg. Rundt 20 smilande tur folk, utan randonee ski, men med fjellski, langrennski og store smil i ansiktet. Eg tenkte stille med meg sjølv, at kanskje ingen ville merke om eg sneik meg inn i ei anna gruppe…men den gang ei!

Bratt, bratt, bratt!

Etter mange fine timar oppover og innover, var det av med skia, me måtte klatre eit stykke for å kome oss videre opp. Toppen vart nådd i forrykande tempo, og eg som hadde trent styrke i heile vinter og lagt kondisjons og langdistansetreninga på hylla nokre månader, kjende det svei i låra. Nedturane hadde ikkje kjend særleg bratt ut med snowboard under meg, men på randonne var det ei heftig utfordring. Eg tenkte at det fekk bere eller briste. Med eit fall og melkesyre oppover ørene kom eg ned som sitemann, med smilet klistra frå øre til øre. Herleg! Ny topp, ny oppovermelkesyre, nye tryninger og ny renne. Attende på Haukeliseter konfronterte eg daglig leder med turen han hadde hivd meg med på. «Eg visste du var god nok for det, og målet var at du skulle få erfaring og lære noko! Har du gjort det i dag?» Eg måtte nikke, og smile..Makan til læringskurve har eg skjeldan hatt, og neste år…Då stiller eg med betre skills, tracker, spade,søkestang og store forventninger!

Nedturer, oppturer og nedturer!

Om kvelden holdt eg foredrag om jakta på seven summits, og kvifor neturane er så viktig. I forskjell frå her på Haukeli, då oppturane var noko ein måtte gjennom for å nyta nedturane, er det motsett i det verkelege livet. Eg viste bilete frå alle fjella eg har klatra på dei ulike kontinenta, og fortalte om oppturar og nedturar. Nedturar som er verdens beste læringsstrategi om ein brukar dei rett. Nedturar kan gjere oss robuste og motstandsdyktige, og førebu oss på fysiske og psykiske utfordringar i nye situasjonar seinare i livet.

Noregs meste intime og gjevande Fjellsportfestival?

Stemninga, naturen, folka, galskapen, arrangørane, kunnskapsrike spreke guidar, turane, showet,sponsorane, intimiteten, musikken og foredraga. Dette er utan tvil ein festival som har fått til alt etter berre to år. Eg gleder meg allereie til neste år, og du er invitert til å vere med!           

19. mar, 2019

Er du ein strilepadlar? Eller drøymer du om å bli ein?

I så fall bur du på rett plass!

Då den olympiske meisteren Eirik Verås Larsen skulle velje ut sine ti favorittstader for padling i Noreg, vart Øygarden nemnd som ein av dei! Det seier litt, når ein veit at Noreg har 20 000 km kystlinje å padle i.

Kvifor padle havkajakk i Øygarden?

Ca 80% av alle kajakkar som blir seld her til lands er havkajakkar. Om ein skal trekkje ein samanlikning mellom padling og sykling kan ein sei at havkajakken er som terrengsykkelen. Den er i sitt rette element i bølgjer og ruskevær, men kan også brukas til koseturar i fint vær, langturar med mykje bagasje  eller kortare treningsturar. Havkajakken kan brukast til alt, og i Øygarden er det hav og holmeterreng for alle aktivitetane eg har nemnd ovanfor. Her er det flotte viker og holmar ein kan telte på, og fantastisk padlenatur både vinter som sommar.

Er det berre å hive seg utpå?

I botn og (på) grunn ja! Sjølv starta eg å padle havkajakk med prøve og feile metoden. Eg hadde heldigvis padla elvekajakk på Voss i nokre år før eg sat meg i havkajakken, det hjalp på. Seinare har eg tatt både introkurs, grunnkurs og teknikkurs i havkajakk.

ReigstadUnlimited

For nokre veker sidan meldte eg jentene mine på introkurs, dei er 12 og 13 år gamle. Dei har begge padla både elvekajakk og havkajakk før, men kurset gjorde at dei fekk eit skikkelig faglig og praktisk påfyll (som det ikkje alltid er like lett for ein far å gje;)) I bilen på veg heim var det høg stemning, og dei er no veldig motivert for å ta grunnkurs, men og klar for ein flott og spennande vår/sommar/haust sesong med havkajakkpadling! Kurset dei var på var arrangert av Laila Reistad som heldt til på Misje. Kort tur til kurs for oss Øygardsfolk.

Kva skjer på eit introkurs?

Det varer ca 4 timer (vi var litt lenger for været vart fint, og selskapet godtJ) Du får låne alt av utstyr i tillegg serverte Laila, nysteikte småpoteter, chorizo, kjeks, kaffi, te og parmaskinke i det koselige naustet sitt. Veldig god stemmning! Jentene mine var tre timer i sjøen, der dei padla, leika, lærte kameratredning, smarte padletriks og snakka om tryggleik på sjøen. Laila krev ingen forkunnskap før kurset, du kan koma som du er med det du kan eller ikkje kan. Eg betalte 1100 for kvar av jentene, og då kvalifiserte sei seg også til våttkortet.

Fun Fakt om havkajakk:

Nansen demonstrerte eskimorulle på Oslofjorden i 1889!

Den grønlandsk benevnelsen qajaq betyr mannsbåt eller jegerbåt. 

Verdens lengste kajakk-regatta heter The Regata del Río Negro og arrangeres i elven Río Negro i Argentina.

28. feb, 2019

Sprek stril? - fleire steg i riktig retning takk;)

Gå for livet!

Eg sit her i stova i vinterferien og skriv dette, mens eg tenkjer på kvifor eg har sagt ja til å jobba dugnad på STRILAWALK den 27.april. Kvifor eg skal stå opp kl 07.00 og rigge klart til eit lokalt arrangement starta av ungdommar her i Øygarden for berre eit år sidan? Eg har jobb, tre ungar, studier på fritida, egentrening, treningsdugander både for håndballen, øygardsmila og skjergardskarusellen. Ofte kjenner eg på at tida ikkje strekker til. Så kvifor synes eg dette er så viktig at eg sa JA! med det same eg vart spurd?

Jonathans minnefond

Svaret er at eg er far. Anita og Roar opplevde alle foreldre sitt mareritt, det å miste eit barn. Jonathan vart berre 5 år. I dag er det fleire foreldre i min bekjentskapskrets som går gjennom det same, å miste eit barn til kreft. Eg kan nok aldri setje meg inn i kjensla, og makteløysa som rår i slike stunder. 

Anita og Roar har erfart at det forskes for lite på kreft som rammer barn og unge, og at forskning og kompetanseheving er av avgjerande betydning. Dei har oppretta Jonathans Minnefond for barnekreftforskning med eit ønske om å hedre hans minne ved å bidra på dette området. Minnefondet er oppretta fordi Jonathan ville likt at mor og far gjorde noko godt for andre. Anita og Roar har trua på at dei gjennom små og store gåver kan gjere ein forskjell. 

Ein gledens dag!

15.februar var den internasjonale barnekreftdagen. I den samanhengen fekk Jonathans Minnefond fått vere med å bidra med ein halv million til forskning mot barnekreft, det gjorde Roar og Anita saman med Barnekreftforeningen, som den dagen delte ut heile 25 millioner til ulike forskningsprosjekt. Anita og Roar er med hjelp av alle oss som støtter, eit av mange steg nærare ønsket om at Norge skal bidra meir til å forhindra at barnekreft får frata andre barn høve til å vekse opp. Det ultimate målet er at ingen barn skal dø av barnekreft!

Ungdom hjelper barn❤

STRILAWALK er eit arrangement starta av ungdommar i Øygarden, det er eit sosialt arrangement der ein går saman frå Rong til Straume for barnekreftforskning. I år er det over dobbelt så mange som har meldt seg på enn ifjor. Det er fantastisk! Sett av datoen den 27.april, og møt på Rong senter kl 08.00. Arrangementet er gratis, men vil du ha ei Strilawalk t-shirt, så koster det 150 kroner. Alt overskudd går til Jonathans Minnefond. Påmelding skjer på www.strilawalk.com.

Dårlig rygg, kondis eller kne?

Sjølv om du ikkje kan eller har høve til å delta på sjølve arrangementet, kan du likevel støtte Jonathans Minnefond i kampen mot barnekreft. Enten ved å gå inn på heimesida www.jonathansminnefond.no og gi til kontonummer 3637.29.65945 (IBAN-nummer NO38 3637 2965 945) eller gi på Vipps til 90509. 

Håper eg ser mange av dykk på STRILAWALK 27. april, nyt sola med barn og familie. God vinterferiehelsing frå Cato:)