26. mai, 2019

Vant namnekonkurransen!

Kald og våt opning!

Til tross for fine dagar i mai, vart det ein kald og våt opningsseremoni på parkeringsplassen der stien ut til hytta på Skogsøy starta. Til tross for det, var det god stemning blant dei oppmøte. Leiar for kulturavdelinga i Øygarden innleia med å rose dei frivillige som har vore med og gjort eit stort stykke arbeid saman med Bergen og Omland friluftsråd, Øygarden frivilligsentral og ikkje minst vart det sendt ein takk til grunneigar som har lagt til retta for at hytta kunne få stå nett her ute.

Ein unik stad!

Øygarden er ein ynda stad for fugletittarar frå inn og utland, og Ornitolog Lars Ågren fortalde om det unike fuglelivet på Skogsøy, Ordførar Børge Haugetun gav oss ei historisk reise, der han kunne fortelja om kor uttrykket «slepp meg fram, eg er frå Herdlevær!» kjem frå. Eit utrykk eg har hørt og humra av mang ein gong, men no altså har vore så heldig å fått bakgrunn historia for.

Kva skal barne heite?

Før Sotra og Øygarden turlag guida trygt og samla ut til hytta, der dei frivillige i Brubyggjaren fekk montere namneskiltet og erklære hytta som open, vart hytta sitt namn lansert.

Hildringsbu!

Det kom inn over seksti forslag, og sjølv hadde eg mange favorittar. Mitt forslag sendte eg inn på bakgrunn av minner frå sommarkveldar då me var ut i båtar og trekte teiner, eller fiska teinemat. Det var ein fin hobby å ha for å tene lommepengar og ikkje minst pengar til bensin. Bysludden kjøpte krabben på sine helgeturar til havgapet, og me strilaguta håva inn «store» pengar. Hildring er vanleg i fint vær om sommaren i Øygarden. Det er eit optisk fenomen som gjer at båtar, holmar og skjer i det fjerne ser ut til å vere høgare oppe enn dei er i røynda. Båtar som vanlegvis er skjult under horisonten blir synlege fordi lysstrålane bøyer seg. Av og til når det er ekstra sterk hildring kan små dønningar langt ute sjå ut som høg sjø, og små skjer sjå ut som store slott. Mange vil nok kjenna igjen beskrivinga som fata morgana, eit bilete av ein gjenstand i horisonten som ser ut til å sveve over bakken.

I Hildringstimen er det godt å seile!

Med Erik Bye og visa hildringstimen i tankane, sendte eg inn forslaget. Erik Bye skrive om visa at hildringstimen for ham også er eit slags «indre landskap» der ein er i harmoni med seg sjølv og sine omgjevnader.

Eg har derfor lyst å omskrive visa litt i dette høve, og lanserer herved verselinja -I hildringstimen er det godt å speide- Øygarden, dette flotte lokalsamfunnet, med vakker og barsk natur, vilt og ekte, har fått endå eit inspirerande turmål. Ein plass for fugletitting, rasteplass på tur, kvileplass med utsikt og som Erik bye sjølv skreiv. Ein plass der ein kan vere i harmoni med seg sjølv og sine omgjevnader. Velkommen til Hildringsbu og god tur!

Foto. Tindra Risløw:Bilete av glad vinnar og Leiar for frivilligsentralen Henrik Angermund som delte ut vinnerpremien. Ein flott kikkert, på vegne av Kulturkontoret i Øygarden.