18. des, 2018

Radiobesøk som gjekk heilt gale! Ja, nokon byrja å blø under sending🙈

Sist tysdag, var eg invitert til P5 sitt studio på Kløverhuset i Bergen. I siste liten måtte eg utsette til denne tysdagen. Som hjå mange andre familier no i den travle juletida, stoppa sjukdom hjå ungane all anna sosial trafikk ei stund. I dag derimot, åpna det seg eit nytt høve. Kjellemann og Tony Ågotnes var i storform, for ein velkomst! Ofte er det slik, at når ein skal prate om ekspedisjonar og fjell så kan det bli mykje fokus på det som er farlig, og tonen blir seriøs og litt tung. Ikkje i dag! 😂Dette var ein fest 👏👏

Me snakka om artige og utfordrande ting ein må forhalde seg til på tur. Det var høg toalettfaktor, og kva krumspring ein må foreta seg når det sprenger på i - 40 grader😂

Eg hadde ein utfordring planlagt for Kjellemann, og han tok den! På strak arm! Det er her blodet kjem inn i bildet! Hør på P5 frå klokka 0700 torsdag morgon og få med deg dramatikken, og ein god dose toaletthumor🤣 På fredag er det slutt! P5 blir lagt ned, og det synes eg personlig er veldig trist.Eg krysser fingrene for at det likevel kjem meir frå Tony og Kjellemann med vener. Blir det ein podcast, så laster eg den ned, blir det ein YouTube kanal så subscriber eg. Den dagligedosen galskap og god musikk er eg blitt avhengig av👏