2. des, 2018

Og vinneren er!.....

I arbeidet med å nå Everest har eg fått mykje god hjelp, noko eg er svært taksam for. Dei flotte folka som driv Nordlyssport har sponsa med premier i denne innsamling. Black Diamond lykta dei stiller med er kåra til best i test. Tor Granli skal ha ein ekstra takk for å at han stillte med sin ski og utstyrskompetanse i forkant av Denali ekspedisjonen. www.nordlyssport.no

Tone Markussen og Jens Jensen stilte med solbriller og isolasjonsplagget bob's your uncle i premie. Tone og Jens har vore mine sponsorer sidan eg byrja å ta kontakt med næringslivet, og eg har hatt gleda av å teste ut prototypen av isolasjonsplagget deira under ekstremeforhold. Sjekk ut www.martonoutdoor.no

Vibeke og Robin Dale Oen i DaleOen Experience har vore gode bidragsytere når eg har trengt råd før ekspedisjoner, og eg har brukt jakken deira både i Alaska og Antarktis. Dei stiller med same jakke i premie til vinneren som blir kåra no i dag. 

Takk til alle som hjelper meg på veien til å nå draumen om Seven Summits. No er det berre Mount Everest igjen. Målet er å få på plass økonomien til det i oktober 2020. Takk til alle som er med og hjelper til og har registrert seg på sida VI ER MED! Takk og til lokalt næringsliv, både dei som har vore med heile vegen, og til nye som eg håpar eg får ein god kontakt med i året som kjem.

Så til trekningen. Trekningen vart gjort ved hjelp av eit dataprogram (sjå bilete) , og vart gjort i vitners nærvær. Vinneren er Merethe Rong Sløveren. Gratulerer så mykje, og takk for støtta🙏Premien blir sendt i posten no i desember. 

God jul, helsing meg, DaleOen Experience, Nordlyssport og Marton Outdoor. 🌲🌲🎁🎀🎉