23. jun, 2018

Kvifor er nedturene så viktige?

Denne veka har eventyraren Cato Risløw hatt to utruleg flotte foredrag for tilsette i staben og for einingsleiarane, om korleis det er å realisera draumen om å nå toppen på dei 7 høgaste fjella i sju kontinent⛰⛰⛰⛰⛰⛰⛰. Draumen om å klatra til topps på Seven Summits er det berre  i underkant av 400 i verda som har klart nå. Draumar, mål, hardt arbeid, feila&læra, timing, positiv haldning og flokken heima som heiar❤️Takk Cato- interessant og mykje erfaring, kunnskap  og livsvisdom som er overførbart til oss alle i arbeidskvardagen og i livet elles. Ønskje deg lukka til med siste fjellet Mount Everest ⛰

Helsing Rådmann Siri Fahlvik Pettersen

Øygarden kommune