14. mai, 2018

Andre som merker at ungene byrjar å bli store?

Det er ei merkeleg kjensle, å sjå dei to eldste på 12 og 13 år pakke turutstyr sjølv, planlegge og fylle opp sekkene sine, for så å legge i veg. Å gå i frå å vere foreldre/familien sine pakkesler, til å få ungar som tar i eit tak, åpner ei heilt ny turverden! Når ein i tillegg slepp å ha Tindra på 7 år i augekroken heile tida, men kan slappe av med ein kaffikopp og vera trygg på at ho klarer seg sjølv i ulendt terreng og klyver rundt uten å havne i sjøen eller klinker i bakken, er det ein heilt ny frihet som plutseleg gjer seg gjeldande.

Med eit er det lett å berre setje av garde, pakke ned telt og klatreutstyr, setje opp leir, (ungane hjelp til med å  slå opp telt, så mor og far kan organiserer mat og anna utstyr), og med eit blir det mykje meir tid til å klatre, rappeller, beundra utsikta, ligge på varme svaberg, kose seg med bålkaffi og berre nyte lyden og synet av kidsa som koser seg gløgg i klatreveggen. Det er fint.

På slike fine soldager er det godt med sjølvhjelpne ungar, men det hadde samtidig vore fint å fryst tida nett her nokre år. Dei treng ikkje vokse så fort lenger no😂 På tysdag er det meldt fint vær, så då tar me turen ut til Atlantis veggen igjen. Det er fint med selskap, så ta med deg klatreutstyr, ein eingangsgrill,  ungar og nyt utelivet i vakre Øygarden du og. Me snakkast på tysdag😊