12. jan, 2018

Fire kontinenter og ti land i 2017!

Takket være fantastisk positive samarbeidspartnere her i Øygarden, men og i Fjell og Sund, fekk eg klatra både Denali og Mt Vinson i år. Dermed er fjell nr 6 på Seven Summits lista også gjennomført.

Dette innlegget skriv eg fordi eg set så pris på positiviteten eg er blitt møtt med. Det har vore ei fantastisk reise i dobbel forstand, både dei faktiske turane, men og å kunne møte så mykje velvilje blant dei firmaene eg har hatt samarbeid med. Kanskje spesielt fordi eg etter Denali turen i sommar, fekk eit ja frå dei fleste til å utvida støtta, slik at det vart mogleg å klatre Vinson same år! 

No er me i 2018 , og planleggingen for siste fjell, Mount Everest er i gang, eg fekk meg ein overraskelse då eg  åpna Vestnytt denne veka, der var det eit bilete av meg på midtsida under ein artikkel som hadde tittelen: kven blir årets spåmann? Ein av spørsmåla var: Vil Cato fullføre 7 Summits i 2018? Til alle dei som lurer på kva dei skal krysse av der, her får dere eit insider svar. Hvis eg ikkje vinn i lotto, er det eit klart nei!

Sesongen på Everest er frå April til Juni, og kostnadene kan fort bli rundt ein halv million kroner. Det er usannsynlig å få til ein tur på så kort tid. Sjølvsagt skal ein aldri sei aldri, men då er det mange brikker som plutselig skal falle på plass. 

Eg trener sjølvsagt som om det kan skje, og i helga reiser eg på Voss for å gå topptur i fjellet med gode vener, ungene og kånemor er på Gran Canaria og nyter ei velfortjent veke i sola. Eg får snap kvar dag, og dei har det fint😊

Takk igjen til alle som støtter meg, både striler og bedrifter, eg håper at foredragene mine får bein å gå på dette året. Kjekt med alle som har delt innlegget mitt på Facebook, det set eg stor pris på. Ha ei strålande helg. 

Helsing Cato.