5. jan, 2018

Teltliv i Antarktis!

Det er jammen stor forskjell på teltlivet her heime og i Antarktis!

Den første utfordringa er at det er lyst døgnet rundt. Eg er av den heldige typen, som er glad i å sove, og som ikkje blir affisert av at sola skin inn teltduken. Heldigvis! Det er nok av eksempler på at folk får det hardt i fjellet, mat er ein ting, men det å vere utsoven er alfa og omega for å få ein vellykka toppstøt dag.

Denne gongen brukte eg av og til ei ansiktsmaske, og det kan eg anbefale. På Denali, trakk eg berre ein bøff over augene om eg syntes det vart for mørkt.Det funker fint, men det vart mindre lys med maska. 

I så kaldt vær, der ein ofte ligg på isbre, har underlaget mykje å sei. Eg bruker gjerne eit som er oppblåsbart, og med dun på innsida. Då er det eit par ting som er særs viktig, ikkje blås luft inn i madrassen. Luften frå lungene dine inneholder vanndamp, og dampen frys til is inne i underlaget når det er 20 minusgrader eller meir. Dei fleste underlag har ein ordning, som gjer at du kan fylle luft utan å blåse 👌 Oppå det oppblåsbare underlaget, legg du eit tynt termorest liggeunderlag. Lufta i det underste laget blir nemlig kjølt ned, men duna inne i underlaget isolerer og eit nytt lag oppå der gjer god varme👍

Det spesielle med Antarktis og for så vidt med Denali, er at temperatur svingingane inne og utanfor teltet. Inne kan det bli 25 varmegrader når sola står som høgast, mens det er 25 minus på utsida, så kan det bli varmt å ligge i ein 40 - sovepose, på highcamp over 4000 meter måtte eg ligge oppå soveposen når sola kom skikkelig opp, på grunn av varmen. Føltes merkelig 😂

Sikring av teltet er viktig, snøskjørtet på utsida, må skufflast snø på, slik at vinden ikkje tar tak i teltet. Nokon plasser, som på 5200 meter over havet, på highcamp Denali, måtte me ut kvar time for å skuffe av snøen som lava ned, så ikkje teltet skulle knekke saman, blir lite søvn av slikt. Teltpluggene på Denali var 75 cm lange, og fire gonger så breie som vanlege plugger, mens i Antarktis er snøen knall hard, og vanlege teltplugger er meir enn nok.

Til slutt, kan det vere greit å nevne det eg synes er særs viktig, alltid lukk alle glidelåser kvar gong du går inn og ut av teltet, glipper du på det i sterk vind, kan du risikere at teltet blir flerret i stykker, og det går fort! Å sette opp telt i sterk vind, bør ein ikkje gjere åleine, det kan vere greit at ein av dykk sit på teltet, men den andre trer stengene, sikrer liner og gjer alt forarbeidet før ein reiser teltet.

No er eg komen til Voss, og nyter livet i spikerteltet vårt, stort lettere blir ikkje teltlivet. Helsing ein som nyter å vere på telttur, det har ikkje alltid vore slik😂

God helg, helsing Cato