12. nov, 2017

Bergen-Amsterdam-Santiago-Punta Arenas! Vegen mot Antarktis.

15. desember nærmer seg, eg har tatt vikartimer til den store gullmedaljen for å avspasere to og ein halv dag i jula, og nå nærmer det seg med stormskritt. 37 timers reise frå Bergen til Punta Arenas heilt sør i Chile, og enda vil reisa ikkje vere over!

Fra Punta Arenas i Chile er det ein seks timers flytur til Union Glacier i Antarktis. Derfra er det ein timers ny flytur til basecamp. Med fulle pulker beveger me oss mot fjellet, me kjem til å etablere fleire camper på vegen, også ein high camp, der me starter frå på toppstøt dagen. Dette er ein meir moderat teknisk klatretur enn Denali, men kalde temperaturer ned mot minus 35 grader er ikkje uvanleg, og sterk vind kan gjere oppgåvene utfordrande. Fordelen er at me vil ha midnattsol, og at det  skjelden snør meir enn ein halv meter snø på denne tida. Noko som gjer det å dra pulk, og å gå på truger til ein enklare jobb.

Eg får stadig rapporter/nyhetsbrev frå Astrid og Jan Sivert som har landa på Union Glacier for mange dager siden. Været styrer alt, og dei er værfast på Union Glacier, også frå Punta Arenas til Union Glacier måtte dei vente på værvindu, ein flyg ikkje ut på isen og inn i Antarktis uten at ein er sikker på at flyet kan lande. Eg må nok som dei, vere forberedt på å stille i fullt utstyr utenfor hotellet på kort varsel, om eg får klarsignal frå flyselskapet ALE. Då blir det å komme seg ut på runwayen, inn i ei illushyn- maskin, og fly inn i Antarktis. Lars Ebbesen som tilrettelegger for Astrid og Jan Sivert, er ein erfaren Polfarer, og vil også bistå meg i reisa til Antarktis og Vinson masiff. Han beskriv i nyhetsbrevet frå Astrid og Jan Sivert at dei flaug over ildlandet, så Drakestredet, før dei flaug inn over Pinninsula, og så over innlandsisen. Eg ser utruleg fram til å lande på Unoin Glacier, sette opp telt, gjere klart utstyr og møte dei eg skal dra innover med på denne utrulege reisa. Eg veit enno ikkje kven som er med i teamet, men eg er visst den einaste nordmannen.

På veg mot Vinson Masiff vil nok tankane gå til Astrid og Jan Sivert som då allerede har komen seg over 30 dager avgårde i reisa mot Sydpolen. Mykje arbeid gjenstår, men detaljane byrjar å koma på plass. Spanande dager i vente:)

God Søndag, helsing Cato:)