19. okt, 2017

Tidenes gåve!

Eg kom på jobb ein dag, til tidenes gåve frå min kollega Unni. Ho hadde rett og slett strikka ei hue med innlagt refleks i garnet og utskiftbart skjegg. Ho hadde fått med seg skjegg diskusjonen, og det at eg hadde anlagt nokon ansiktsstubber før Denali ekspedisjonen i Juli. Ho diska opp med ei hue, og to skjegg som kunne skiftast ut etter behov. Det eine var svart og det andre var nær opp til min eigen rødlege skjeggvekst🙂

Fantastisk artig! Om eg ikkje blir hårete nok i ansiktet før 16 desember, så har eg no noko å falle attende på, så uansett blir Antarktisk turen ein tur uten frostskadar i ansiktet;)

Takk skal du ha Unni, du e ein helt❤