15. okt, 2017

50.000 lesere av bloggen!

Det er kjekt det! Lite hadde eg sett for meg at bloggen skulle bli lest av så mange dette året😊Det å starte ein blogg var langt utanfor min komfortsone, og det tok nokon måneder frå eg starta bloggen til eg byrja å skrive fast. I dag er det lettare og eg synes det er kjekt å dele både tur innlegg og andre turrelaterte saker. Spesielt kjekt har det vore å lest innlegg frå gjesteskribent Katrine (kånemor) etter eg har komen heimatt frå ekspedisjon😊Då eg var borte, dobbla lesere av bloggen seg😂Eg har derfor hyra ho inn igjen til å skriva for meg når eg er i Antarktis, som berre gle dåke👌 No har eg lagt på fjellet nokon dagar med influensa, noko som ikkje er bra i oppkjøringen til neste ekspedisjon, så det har vore 5 dagar uten trening. Håpar å starte opp igjen forsiktig frå mandag av. Denne ekspedisjonen eg skal på no, er fryktelig dyr, og eg må bruka månadane framover til å snakka med nye og gamle samarbeidspartnere for å få turen i boks økonomisk. Det er eigentleg eit kjekt arbeid. Det er mange som har trua på at dette prosjektet er mogleg å gjennomføre. Etter Antarktis har eg berre Mount Everest igjen👏 

Eit artig  augeblikk i år, var å finne kameraet til den polske ekspedisjonen på Denali i år. Det var imponerende å sjå kor effektiv sosiale medier kan vere i å finne personar på andre sida av verda, og kjensla av å poste kamera attende til rett eigar var utruleg bra! Men følger kvarandre på Facebook no, så me er oppdatert på kvarandre sine prosjekt, og det er artig.

Gjennom bloggen har eg fått eit større kontaktnett av folk med same interesse, og det er interessant. Spesielt har eg sans for Astrid Furholt, som snart er på veg til Sydpolen. Klarer ho det, blir ho første kvinne som gjennomfører dette! Og ho er norsk🇳🇴

Blir du underholdt og synes det er kjekt å lese, så er eg glad for det😊Du kan og følge meg på Instagram, der er eg registrert under namnet #hrrislow. Eg er taksam for alle som deler innlegga mine, det er kjekt at både opplevelsar frå turar og opplevelsar i vår flotte kommune, Øygarden, blir  delt i sosiale media synes eg.

50.000 lesarar på 7 måneder, det feirer eg med ein kaffi kopp på Voss, før eg no straks set nasa heimover mot Øygarden.(Eg las nett at Lyderhorntunellen var åpna at, så då slepp me kanskje fredagstilstander igjen i dag👌) 

Ha ein fortsatt fin søndag, helsing Cato.