3. sep, 2017

Ekspedisjonslivet. Episode 7. Den beryktede Headwall! 40 til 55 graders klatring til 4900 moh.

Det er når ein kjem over 4300 meter at den ordentlige klatringen byrjar! Headwall er den bratteste klatringen på ruta til toppen. Klatringen startar med eit 370 meters langt moderat klatreparti, som leder til ein 240 meter vegg som varierer mellom ein hellningsgrad på 40 til 55. Denne veggen er ein is og snøvegg, og krever effektiv klatring samstundes som ein bærer tungt. Headwall har ein brokket historie med fleire snøskred, og bør unngåas etter snøstormer. Den har også bresprekker mellom 4400 og 4700 meter som ein bør vere oppmersom på.
Nesten kvart år dør det klatrere på Denali på grunn av fall, høydesyke eller eller vær, frå ein byrja klatring på Denali og fram til 2012 har over 112 klatrere dødd på fjellet. Headwall er eit område som bør klatres med respekt. Eg las nett ein artikkel skriven av everest klatreren Alan Arnette som prøvde å klatre Denali i 2001, 2007 og 2011. Han vart på første turen sin stoppa av været på ca 5500 meter, da kraftig vind stoppa toppstøtet. i 2007 etter å ha venta sju dager på 4200 meter -Basin camp, kom han seg til 5000 meter, før eit mage vonde utvikla seg til ein infeksjon. Han fekk klatra seg ned langt nok til å bli flydd ut av helikopter. I 2011 låg han med teamet sitt på high camp i 5200 metershøyde i 8 dager. Dei gjekk tom for fuel og mat, og måtte snu uten toppstøt forsøk.Han har ikkje gitt opp håpet om ein gong å nå toppen.
Eg har tidlegare blant anna klatra Aconcagua, der toppen ligg rett under 7000 meter. Denali opplevde eg som ein meir fysisk klatreekspedisjon, den involverte tunge sekker, og sleder. Det er lengre perioder med klatring enn på Aconcagua, og ein klatrer i djupare snø i høgare atmosfære enn på Acon. Ein klatrer også på faste tau (fixed ropes) på dei mest utsatte plassane. I tillegg kan været være ekstremt brutalt med kraftig vind og kalde nattemperaturer.
I tillegg opplevde me at været aldri var det same, det kunne snu frå time til time. Den meste av filminga mi skjer når sola skin, så ein kan få eit inntrykk av at me er på tidenes påsketur;)