1. sep, 2017

Ekspedisjonslivet. Episode 6. Lita tue kan velte stort lass! Dagen vi nesten måtte gi oss!

Lita tue kan velte stort lass! Å kunne koke vatn er heilt essensielt for ein ekspedisjon, når plutselig brennerene ikkje lenger virker, er ekspedisjonen i fare. Vi var ein av dei siste ekspedisjonene, så det å få låne av andre var heller usansynlig. Nokre timar såg det veldig mørkt ut, me diskuterte om nokon skulle gå heilt ned til camp 3, og hente ein brenner som vi hadde cashet der, ei umåtelig tung oppgåve, men kanskje nødvendig. Me fekk tilslutt tak ein annan ekspedisjon, som var ferdig med toppen og skulle ut av fjellet. Me bytta til oss ein fueltank som virka av dei, og klarte å fikse to sjølv .Gleden var stor når me klarte å lokalisere og ordne problemet:)
På Basin camp (4.300 moh) kan været være ekstremt, 80 kilometer i timen og stormer er ikkje uvanleg, ein kan oppleve at det snør 1 til 1,5 meter snø i ein periode på 24 timer, og tempraturer ned mot 40 minus er ikkje uvanleg. Dette er eit område som ikkje er prega av fare for snøskred, det er også mindre bresprekker her enn i camp 3. I denne høyden, kjenner dei fleste klatrere på kjensla av AMS (Acute Mountain Sickness). Det er den mest vanlege forma for høydesyke, og kan vare frå nokre få timer til eit par dager, og nokon kjenner faktisk på det allerede på 2500 moh. Symptomene inkulderer hodepine, svimmelhet, ein mister matlysta, kvalme, vansker med å sove og ein får mindre energi.Hendene og ansiktet kan svulme litt opp på grunn av væskeansamlinger i kroppen. Å få i seg nok vatn, kan motvirke mild AMS, og det var ein av grunnene til at det å få igang fueltankene igjen. God stemmning med Ståle i videoen, då alt hadde ornda seg:)