22. aug, 2017

Ekspedisjonslivet. Episode 5. Cashing på 3400 moh.

Denne campen ligger ved foten av motorcyclehill, ein utfordring som me kom til å slite oss opp to gonger. I denne campen casher me mat og utstyr, det vil sei at me grev ned det me treng til me kjem opp igjen for å etablere leir. Seinere casher me det me ikkje treng med oss videre her, og henter det på vegen ned igjen. På filmen er det mange plasser du ser merkestaver, det er andre ekspedisjoner sine casher, dei var på veg opp for å prøve å nå toppen. Veldig mange klarte det ikkje i år, og me opplever seinere utslitte klatrere på veg ned denne bakken kalla motorcyclehill. I denne høgden er det ikkje dyreliv, men neste bakke etter denne er likevel kalla ekornbakken på norsk.Det er rett og slett fordi eit ekorn hadde rota seg opp i høgden, og klart å overleve på det den greide å grave opp fra ekspedisjoner på tur i området. Det fortelles og om ein svartbjørn som overraska to klatrere her. Han jaga dei ut av teltet, og dei måtte overnatte ute, i kulda i berre ullundertøyet. Bjørnen åt opp det dei hadde av mat, overnatta i teltet, og stakk av dagen etter. Først då kunne klatrarane få på seg klær og koma seg ut av fjellet. Det skal seiast at det var dårlig med bjørn og dyreliv generelt på vår klatretid i fjellet.