Ekspedisjonslivet. Episode 4. Vår verste fiende,sola!
Heteslag og solbrent hud, er kanskje ikkje det ein forbinder med Deanli, eit av verdas kaldeste og mest ugjestmilde fjell! Sanninga er at me i store delar av tida i fjellet, måtte gå om natta. Sola reflekterte som sterkt frå snøen, at ein risikerte å bli solbrent inne i neseborene! Lepper var og utsatt, og eg opplevde sjølv å bli solbrent på tunga under turen, fordi eg pusta med åpen munn nokre timar det var ekstra tungt, og tynn luft. Store deler av tida bruker ein til å koke vatn, inne i kjøkkenteltet var det så varmt denne dagen, at eg måtte legge meg ned på ryggen i snøen, med berre eit tynt pariserbrett under meg, slik at eg fekk kjølt meg ned, samstundes som eg fyrte i primusen. Til tross for at fleire av oss nesten var på nippet til å få heteslag ved nokon anledninger, må ein sjølsagt berre nyta utsikta, været og høve til å oppleve desse fantastiske breene og fjella i fulle drag!
Nyeste kommentarer
Så gøy!🤩 Gleder meg til å sjekke det ut! Gratulerer og lykke til! 👍😃
Me jobba hardt for å få lagt åpninga til bursdagen din😉
Gratulerer🎉Og for ein dato💥Kommer til huske den evner 😂
Fy søren kor eg gleder meg🤸🛶🎉