29. jul, 2017

Denali sitt heftige værsystem!

Foto : Christian Sando
Denali ruver over 6000 moh. Det ligg ved the Bearing sea, og skaper sitt eige værsystem. Det oppstår derfor dei merkelegaste vær formasjoner. Ein kan ha white out, og vind, og så klatre 200 høgdemeter, og ha sol og blå himmel. Det er skjeldan at ein får meir enn eit tre dagars værvarsel på Denali, og til og med eit slikt kort varsel, kan endre seg radikalt. Det gjer Denali uforutsigbart å klatre, og er ein av grunnane til at mange ikkje når toppen. Dette bildet er ganske utruleg, og viser kor lys og værfenomen oppsto heile tida, me opplevde dette på camp 4. I alt kunne me sjå sju regnboger samstundes, dette bildet får med seg ein brøkdel av det me opplevde, men gjer samstundes eit godt innblikk i værmagien på Denali. Nyt:)