25. jun, 2017

Tøff sesong! Berre 15% har nådd toppen av Denali i år!

Vanligvis når 50% av dei som klatrer Denali toppen, i år har mykje uvær, snøstormer og det faktum at det er ekstremt mykje bresprekker, gjort at berre 15% har nådd toppen i år. Me har for å sei det slik, ikkje oddsen med oss i ein sesong som har vore ekstrem tøff. 

Me kjem til å konsentrere oss om å løyse utfordringene med ro, ta oss god tid til akklimatisering, og ha fokus på sikkerhet for gruppa og den enkelte. I dag har me handla og pakka ekspedisjonsmat for heile turen, og i tillegg handla inn for 5 dager ekstrs, i tilfelle med blir liggende værfast.

I morgon skal me til lufthangaren der flyet som skal ta oss ut til breen står, me skal først ha ein times møte med Rangerene for Denali nasjonalpark. Dei vil sjekke ut om meg er kompetente til å dra på denne ekspedisjonen uten guide. Blir me godkjent, må me pakke om alt utstyret vårt for å få alt til å passe i flyet. Ein kan aldri vite når flyet går, for det letter når værutsiktene er gode nok til å lande på breen der Kahtlina basen ligg, me må derfor være klare for kjappt å kome oss i flyet når vi får klarering. Me kjem til å være kledd i ekspedisjonsutstyret, slik at om vi i vorst case scenario, ikkje får lette, kan overnatte ute ved flyet til dagen etter.

Dette er siste bloggen eg får skriven før eg ikkje har dekning meir, så herfra tar kånemor og bursdagsbarnet Katrine over.

Gratulerer med dagen kjære, snakkes rund 19.juli, love u❤️