7. jun, 2017

Klyva AS arrangerer Bruhopping frå Rongesundet under SykkelVM 24 sept. 2017!

Tidenes nostalgiske opplevelse for oss som dreiv med pendelhopping frå Rongesundet i ungdommen, og ikkje minst ein eineståande sjangse for alle som ikkje har opplevd dette før, er no lagt til rette for! Og det under sjølvaste sykkel VM 2017 i Øygarden!

24 september er datoen, og me har plass til 100 hoppere den dagen. Me ser for oss ein herleg entusiastisk gjeng, med norske flagg som heier fram syklistane i det me tar pause fra hoppinga under sjølve rittet. Dette blir tidenes minnerike oppleving der ein får oppleve sykkel VM på nært hald, du får utsikta frå Rongesundbrua og naturen rundt, og ikkje minst eit herleg adrenalinkick.

Det blir folk som hopper i bunad, i sykkelklær, i fargerike kostymer dei har laga sjølv og me tar alle med oss  norske flagg! Me gler oss til ein fantastisk dag, med stor stemmning! Har du kubjeller? Ta det med! Har du mala ansiktet ditt i det norske flagget den dagen? Fantastisk! Har du bunaden på? Enda bedre!!

Har du lyst å vere ein av dei heldige 100 som får sjangsen, så tar du kontakt med meg på mail:

Catorislow@hotmail.com

Prisen er 650,- pr person: Da er det inkludert orkesterplass til Sykkel VM løpet på Rongesundet, ein historisk opplevelse med bruhopping frå Rongesundet bru og ikkje minst eit adrenalinkick i trygge omgjevnader du seint vil gløyme!

(Dei som er med må vere bevisst på at dei kan bli filma, det kan vere filmteam der, og filmsnuttane kan nå sjåarar over heile verda.Brua er stengd for andre publikumere en dei som skal hoppe, og tryggleiksteamet. Aldersgrensa for pendelhoppinga er satt til 18. år.)