29. mai, 2017

Kan du klatra høge fjell, om du har hull i tennene?

Det er mykje ein må passe på når ein skal opp på høge fjell. Greit nok at ein må tenkje på ting som høydesjuke, medisin, utstyr, osv. Men kva med tannhelsa? Kan ein klatre høge fjell med hull i tennene? Kanskje eit rart spørsmål, og eit eksempel på kor viktig det er å ha kontroll på dei minste detaljane når ein er borte frå alt høve til medisinsk hjelp i ein periode.

Endring i trykk, kan føre til smerte i tennene, og det kan faktisk bli så gale at ein må avbryte forsøket på å nå toppen. Det er ein kjend situasjon at det er klatrarar som har måtte avbryte forsøk på å nå toppen av Everest som følgje av tannpine. Dette er it symptom på det som kalles bardontalgia. Dette kan oppstå andre stader enn på høge fjell også, det handler nemleg om endring i det atmosfæriske trykket. Som oftest er smertene eit tegn på underligende tannhelseproblem, eller eit tannlegearbeid som ikkje har fått heilt has på problemet.

På engelsk har problemet eit eigne kallenamn. Flygere refererer til det som "flyer`s toothace" Dykkere kaller det "tooth squeeze" . Kva det enn kalles, så er det rett og slett tannpine, og kan ta fokus frå det du holder på med, og hindre deg i å nå målet ditt. Endringen i det atmosfæriske trykket kan og provosere frem tannproblemer som holder på å bryte ut, men som kanskje enno ikkje har blitt eit problem.

Det største problemer er at smerten oppstår på grunn av av luft som kan vere fanga inne i ein fylling, og siden tenner ikkje utvider seg i høyden, blir det opparbeidet eit press inne i fyllingen. Det fører til intense smerter. Det kan også føre til infeksjoner og i ekstreme tilfeller kan fyllingen "eksplodere/revne" og poppe ut av tennene på grunn av presset.

Når ein kjem nedigjen frå høyden, vil som oftest smerten forsvinne, fordi trykket avtar. No har eg kontroll på treningen, visum, utstyr, pass, medisiner, tryggleiksutstyr og ein haug med andre små og store detaljar. No gjenstår berre det eg fryktar mest, ein tur til tannlekjaren. Eg har ikkje bestillt time endå, men skal gjere det rett etter jobb!

Trur eg....