15. mai, 2017

Topptur aleine? Er han gal?!

Som familefar til tre jenter, er det ein gong slik at ein må ta mange turar åleine, og ofte til ukurrante tider. Det er ikkje lett å tilpasse familieliv, og trening/turar saman med familie, kompisar og venniner, sjølv om det uten tvil er dei kjekkaste turane. Det er alltid eit ekstra pluss å kunna dela opplevingane med nokon!

Sidan eg var ganske ung, har eg jakta, og gått på ski, spesielt har eg brukt mange år i terrenget på Vikafjellet. Eg har treft på, og vore forberedt på det meste av vær, og gått i alle årstider. Eg har vore på skredkurs og tryggleikskurs gjentatte gonger opp igjennom alle disse åra. Det at eg blant anna har vore raftingguide, nestleiar i fallskjermklubben Himmelspretten, drive eige tryggleikskurs for eventfirmaet Klyva, og no er leiar for tryggleikskomiteen i Øygardsmila for andre året på rad, har gitt meg noko gode haldepunkt og levereglar når det kjem til tryggleik og risikofaktorar på tur. Likevel får eg ofte disse spørsmåla : Var det der noko lurt? Tar du ikkje sjangser no? Dette burde du ikkje gjort! Bør ikkje du vere eit godt førebilete?

Eg har gjort meg nokon tankar om nett det, dette tryggleikstyrraniet, og i forhold til eigne born, som lærar og friluftsliventusiast.

Om vinteren er det uten tvil mest risikofyllt å dra på topptur aleine, men føl ein fjellvettreglane, er risikoen liten for at noko skal skje. https://www.ut.no/fjellvettreglene/#fjellvettreglene Likevel ligg eg alltid ein plan A, B og C før eg dreg avgarde. Gitt at du tar forhåndsregler med rutevalg og er innstilt på å redusere ambisjonane om forholda blir meir utfordrande enn forventa, meiner eg aleineturar er undervurdert. Det er mykje sjelepleie i ein dag aleine på fjellet!

Fjellvante folk, kan ferdes trygt i fjellet heile året, hvis dei bruker kunnskapen sin. Ynskjer du å bruke naturen aleine, starter ein sjølvsagt ikkje med det mest utfordrande. Ein legg på litt og litt erfaring, får prøvd ut nyerverva kunnskap i trygge omgjevnadar, før ein utvidar turområda sine. Nokre gonger når ein tar på seg store utfordringar,må ein igjenom utsatte områder for å nå målet, då er grundig risikovurdering, og ein solid beredskapsplan uhyre viktig. Likevel kan ting gå galt, som på så mange andre områder i livet. Ein kan ikkje førebu seg mot alt, men ein kan minimere risikoen.

Attende til det eg refererer til som tryggleikshysteriet. Media har i nokon høve ein tendens til å framstille ting i svart/kvitt. Her er eit innlegg frå Fri Flyt, som illustrere dette:

"Knut Christian Mikkelsen, som arrangerer frikjøringskonkurransen Tromsø Skiraid, mener medienes skriverier om snøskred og skikjørere minner om en heksejakt.

– Det kan virke som om avisene ønsker et permanent ferdselsforbud i fjellene her. Folk som har vært ute på tur føler seg nesten som kriminelle når de får høre fra folk hvor uforsvarlige de er. Store bilder av folk som kjører ski med antydninger om at de nærmest bryter loven er en gjenganger i avisa, sier Mikkelsen, og viser blant annet til denne artikkelen i Nordlys. 

– Folkene på dette bildet gjør ingenting uovlig, men likevel blir de smurt utover avisspaltene Jeg syns det er dårlig og ensidig journalistikk, sier han."

Mine egne jenter på 6, 11 og 12 år har sidan dei tok sine første steg, stått på ski, snowboard, gått på langrennsturar, padla elvekajakk og klatra. Særleg i forhold til dei to siste aktivitetane, er det mange som lurer på om det er mogleg å utføra slik moro og naturoppleving trygt for barn. JA, det gjer det. Med fornuftig progresjon, fokus på motivasjon og mestring, og gode vanar i forhold til tryggleik ute, er det meste mogleg, og ikkje minst kjekt:)

Attende til spørsmåla eg til tider får:Var det der noko lurt? Tar du ikkje sjangser no? Dette burde du ikkje gjort! Bør ikkje du vere eit godt førebilete?

Svar: Ja, dette var lurt, for ein tur!

Nei, eg tar ingen sjangser, og om risikoen er høgare enn vanleg, så tar eg mine førehandsreglar, men då må opplevinga og gevinsten vere verdt det.

Jo, om eg ikkje burde gjort det, hadde eg ikkje gjort det. Det kan vere at nett du ikkje skal gjere det same, enno.

Jo, eg bør vere eit godt førebilete, og meiner eg er det, både for mine born, elevane mine, vener, slekt og for dei som kjenner meg og veit kva eg kan, og står for.

GOD TUR! Gjerne åleine, men aller helst saman med nokon. Ikkje fordi ein skal vere redd for å gå på tur aleine, men fordi dei finaste naturopplevingane er gjerne best når ein får dele dei med andre:)

Kjelder:

Ut.no

Fri Flyt

Cato Risløw