26. apr, 2017

Må ein ha skjegg på ekspedisjon?

Her er det mange meiningar, det er utruleg kva ein må tenkje over når ein skal på tur i skikkeleg kulde! So no har eg googla det😀

På fjellforum er det og delte meiningar, nokon meinar at det er ingen tvil om at frå 0 til 10 minusgrader er skjegg absolutt tingen, det gjer god isolasjon, og varmar godt. Tre dagers skjegg, er det derimot sterke meininger om på det O store internett. Det skal kjapt kunne føre til forfrysningea, når det dannar seg is i skjegget. Det hørtes ikkje bra ut, og eg vurderte kjapt ein høveltur til badet, men så les eg to minutt seinere, at tjukt skjegg er bra, og isolerer godt. 

No har ikkje eg den tettaste skjeggveksten i Øygarden, og må innrømma at 14 dagars skjegget til tider, ikkje er det mest behagelege prosjektet eg har hatt på gong. Da blir lite klem å få frå ungane og, som meiner at den stikkinga kan dei fint klare seg uten!

Kåno har og utrykk si missnøye, både når det gjeld estetikk, funksjon, form og farge! Det har såleis Ikkje vore lett å vera raudhåra stril for tida! 

Men attende til saka!

Skjegg eller ikkje? Ein har jo ikkje skjegg på nasa (nokon har jo det...) eller på kinnbeina, og blir det kaldt nok, blir jo det forfrysningar uansett. Eg kjem difor til å pakke med meg både neoprenmaske og buff også. 

På internett kan eg etterkvart lese at nokon månadars langt skjegg vist nok gjer god isolasjon, nokon prøver seg med at våre gamle polarheltar Amundsen, Johansen og Nansen aldri hadde skjegg på tur, og dermed kjem tvilen inn igjen....Heilt til det popper opp eit bilete av nett Nansen og Johansen med kva? Jo nettopp, SKJEGG! 

Det er rett før eg i forskninga sitt namn tar høvelen fatt, og raker av halvparten! Eg skal reise avgarde med halve ansiktet skjeggete, og andre halvpart finslipt til minste hårrot, for å finne ut av dette ein gong for alle, i rein ekspedisjon og forskningsånd! Dette må ein jo kunne finne eit vitenskaplig svar på!

Eg besinner meg etter ei stund, og eit innlegg frå ein kar treffer meg som ei kule " Alternativt kan man jo bruke skjegget til oppbevaringsted for utstyr som har påmontert borrelås, bare hekte det fast på kinnet eller haka, dermed vet du til enhver til hvor ting er"

Med det i bakhovudet er svaret enkelt!

Skjegg er praktisk, det vil uansett gro på turen. Er ein nyraka før tur, så vil  ein vil få tredagerskjegg som er kaldare enn langt skjegg. Eit siste poeng som avgjer det heile, er at mange bekker små, gjer ein stor Å. No slepp eg ta med meg barbersaker på ekspedisjon, nokon gram mindre utstyr gjer sjølvsagt turen nokon gram lettare.

Skjegget blir verande!