30. mar, 2017

Vil du bli min samarbeidspartner? Den skumle samtalen!

Det har vore utruleg kjekt å vere i dialog med næringslivet, det var kanskje noko av det eg grua meg mest til. På det området eg har brukt mykje tid og tankar, kjent på at eg faktisk har noko å fare med, og at eg har tru på mitt eige prosjekt, slik at eg  ikkje skal få  kjensla av å tigga. Meldingane frå mine nye samarbeidspartnarar, har gjort prossesen og samtalane lettare og lettare, dei gjer utrykk for at dei får mykje attende frå meg. Det at  eg faktisk har noko konkret å tilby, gjer at ein kan få i pose og sekk.Bedriftene kan både  gje støtte for eit prosjekt dei gjer utrykk for at dei trur på,  og samstundes få vist si støtte synlegjort på klede, heimeside, blogg, instagram og andre sosiale media. Det er god og positiv marknadsføring. Nokon ynskjer i tillegg å utvida avtalen til foredrag og teambuilding.

Det å ha trua på eige prosjekt er noko som gror fram etterkvart som ein får erfaring og ser at ein meistrar utfordringane ein står ovanfor. Dette har vore ei udelt gjevande oppleving, og eg har satt pris på måten kvar enkelt har møtt meg på, både lokalt og regionalt.

Av og til får ein nei, det har heldigvis heller ikkje vore ei negativ oppleving. Kontaktpersonane for bedriftene som har sagt nei, har vore klare i meldingane om kvifor. Nedskjeringar, companypolicy der ein ikkje kjem innunder rett kategori som søkjer, eller andre valide grunnar.Nokon har sagt at dei ynskjer å vere med neste år, når dei har høve til å leggje nytt sponsorbudsjett.

 Eg har nok brukt meir tid på å grua meg til å starte med å kontakte nye samarbeidspartnere,  enn eg har brukt på å faktisk ta kontakt. Slik er det ikkje lengre, no gler eg meg. Må dele ein av desse historiene med dykk. Eg sendte mail til Øygarden Elektriske, for å spørja om eg kunne sende dei informasjon om prosjektet, slik at dei kunne få vurdere om dei var interessert i ein  dialog. Etter fem minutter dukka det opp ein melding i innboksen min, der sto det " Vi har lyst til å hjelpe deg med å nå målet.Synes du er kjempetøff! Hadde vært stilig om Øygarden Elektriske kan vere med på toppene:) Tenkte faktisk på å ta kontakt med deg-for me ser at du er flink til å fremme sponsorene du har fått." For ein melding attende! No gruar eg meg ikkje lenger for den "skumle" samtalen. Takk for all støtte, eg kjem stadig eit steg nærare målet:)