27. mar, 2017

Mitt første radiointervju! NRK Hordaland P1

Ein ting er det ingen tvil om, eg egnar meg betre på tur, enn i eit studio. Denne gongen fekk eg kjenna på adrenalinet. Eg hadde klart kva eg tenkte eg skulle snakka om, og kjende meg klar for mitt første radiointervju. Etter eg var ferdig, hugsar eg ikkje eit ord av kva eg hadde sagt, og undervegs vart det fullt jernteppe både titt og ofte. Når Per Vidar (programleiar) spurde kva toppar eg hadde vore på, vart det bom stopp! Eg sit her og humrar for meg sjølv, og tenkjer kor avslappa ein kan vere i nokre situasjonar, og så i andre, fullstendig ufarlege situasjonar, blir det likevel heilt svart. 

Eg las eingong at det var gjort ein undersøkelse om kva folk var mest redd for, på 6.plass var redselen for å døy meiner eg å hugse. Kva førsteplassen var? Å holde tale framfor ei forsamling av menneske!

Eg set likevel igjen med ei god kjensle, dette var bra øving for meg. Espen og Per Vidar, programleiarane, gjorde besøket i studio til ei fin oppleving, hyggjelege og entusiastiske karar:) Dei var interessert i om det var mogleg å få til ei sending undervegs på turen, det skal eg sjå om me klarer å få til, enten via talemelding eller satelitt telefon. Vi jobber med saken, så kanskje det blir ein situasjonsrapport frå Nord Amerika i juni eingong.

No kjem eg nett frå ei hard treningsøkt på PeakFitness, godt å berre ha fokus på trening ei stund, der ein ikkje treng å tenkje på korleis ein skal ordleggje seg;)

Takk til NRK Hordaland P1, Espen og Per Vidar for eit hyggelig møte:)