22. mar, 2017

Kampen om Vestlandet er i gang!

 

I går var eg ute og drog på dekk, med 20 kilo i sekken. Vel heime, kunne eg lesa i både Sogn Avis og Firdaposten, at Jarle Mundal tar sikte på å bli første Vestlending som klarer å klatre Seven Summits. Utfordringen er herved tatt, og kampen om Vestlandet er i gang! Sogn og Fjordane Versus Hordaland! Mundal Versus Øygarden!

Jarle skal få kjørt seg, sjølv om han er ein super turkamerat, og me har klatra Aconcagua i lag. Me skal også dele telt på veg til Denali i år.

Klarer me Denali i lag, så har eg 5 og manglar 2 (Mount Vinston i Antarktis, og Mount Everest) Jarle har då 3 fjell og har då 4 igjen. Eg tenkjer sjølv, at dette skal eg klare å dra i hamn, sjølv om Jarle har lansert ein intensiv jakt i media. Eg har byrja å få mange gode samarbeidspartnarar. Til no er det Kvalitetskontroll AS, Montèr Øygarden, Malerfirma Monsen, Øygardsmila, Marton Outdoor, Klyva AS og Øygarden Elektriske som heier meg meg fram, og hjelper meg økonomisk i utfordringa om å bli Vestlandets første til å bestige Seven summits. Det er ikkje til å sjå vekk ifrå, at utan det lokale og regionale næringslivet, vil Jarle Mundal fort kunna pusta meg i nakken, han er nesten lika målretta som meg;)

Hei fram Øygarden, hei fram Hordaland, er du ei bedrift som ser verdien i prosjektet mitt- Frå flatt hav til verdas tak!, så ta kontakt på catorislow@hotmail.com. Eg sender gjerne eit forslag om kva eg kan bidra med attende.