Frå flatt hav til verdas tak!

21. apr, 2018
Veien til 7 summits (trykk på denne linja for å sjå filmen😊)

Timer med gode samtaler saman med Tommy hjå kvalitetskontroll, resulterte i denne fine filmen om andre ting enn berre fjell, snø og frihetsfølelse. Litt rart å sjå seg sjølv snakke om nett desse tinga, men veldig fint også. Kjekt at Tommy bruker tid på å fokusere filmen på tankar som ein kanskje ikkje alltid forbinder med fjellklatring. Takk til Tommy og kvalitetskontroll for at dei støtter meg økonomisk mot målet, og for den personlige og fine måten dei møter andre på. Takk😊

15. apr, 2018

I dag var ein spesiell dag, begge jentene mine har hatt bursdag, og er endelig gamle nok til å ta brattkortet. Som dei to yngste på kurset, med sju vaksne deltakarar, skulle ein tru dei var nervøse, men nei! Etter mange intensive timar med både praktisk og munleg prøve, besto dei begge to👏👏

No er dei sertifiserte klatrere, og kan bruke klatreveggene både ute og inne til å klatre i utover våren og sommeren. Gratulerer til Ronja og Rowena, og til dei sju andre som og besto kurset i dag. God innsats og godt humør heile denne fine ettermiddagen i Kollsneshallen.

Neste søndag er det satt opp kurs frå kl 15-21, der er det 3 ledige plasser.

Ha ein fin søndag😊

14. apr, 2018

Tidlig start i dag, me starta kurset i kollsneshallen kl 0800, og eg har no ein matpause mens eg skriv dette😂I dag har me lært om sikring, klatring, å gå på led, topptaufeste og mykje anna. Gjengen er fokusert, og klar for brattkortetesten som me skal starte på om 10 min. Står alle, så får dei brattkortet og kan klatre inne i alle klatrehallen i Norge. Ønsk dei lykke til. I morgon har eg 4 ledige plasser, send ein melding til 40081469 hvis du har høve til å ta kurs i morgon. Det koster 1000,- pr person og varer fra kl 15-21.

7. apr, 2018

Hadde gleda meg til denne dagen ei stund, eg skulle halde klatrekurs på Kollsnes og vart møtt av ein flott gjeng. Det var full fokus frå start, og alle besto👏👏👏

Gratulerer til gjengen med bestått Brattkortkurs no rett før klatresesongen i Øyarden tek til. No er dåke klare for fine dagar i klatreveggane ute og inne i denne flotte kommunen vår😊 Ein spesiell takk til Ivan for god tilrettelegging.

Dei neste to helgene blir det kurs både lørdager og søndager, gler meg allerede 😊👏

7. mar, 2018

Det vart ein fin og gjevande kveld, der eg fekk vist film og bilete frå ekspedisjonar frå seks kontinent. Eg synes det var utruleg kjekt å få prata om ting eg brenn for, til ein så interessert og engasjert gjeng! Temaet denne kvelden handla om kvifor nedturane er viktig, draumar, mål og meininga med livet. Eg må få senda ein ekstra takk til Nav Øygarden for lån av konferanserom og teknisk utsending Miriam Fjellstad, som rigga lyd og bilde for kvelden. Takk og til David på Eurospar som ordna frukt og drikke, og Thomas og Hedda på peak fitness som organiserte og arrangerte kvelden😊👏 Med måtte sette inn nokre ekstra stolar for å få plass til alle, men det gav berre ein ekstra fin stemning at me satt litt trangt. Er du interessert i eit foredrag så ta gjerne kontakt😊

Billett inntektene for kvelden gjekk til Jonathans minnefond,  fondet ynskjer å bruke midlene på forskning innenfor feltet barnekreft, om du vil bidra, kan du gjere det på konto:  3637.29.65945