Frå flatt hav til verdas tak!

20. jan, 2018

På denne heimesida kan du bli registrert med bilde og din draum, eller ei helsing. Sida heiter VI ER MED! 

Ver med å inspirer meg og andre! Draumar blir lettare å nå, om ein deler dei. Det å skrive ned draumane sine og dele dei med andre, gjer målet meir verkeleg, og lettare å oppnå.

No har eg berre Mount Everest igjen av Seven Summits, ver med å støtte meg i min draum om å nå toppen av Everest. 

Helsing Cato

12. jan, 2018

Takket være fantastisk positive samarbeidspartnere her i Øygarden, men og i Fjell og Sund, fekk eg klatra både Denali og Mt Vinson i år. Dermed er fjell nr 6 på Seven Summits lista også gjennomført.

Dette innlegget skriv eg fordi eg set så pris på positiviteten eg er blitt møtt med. Det har vore ei fantastisk reise i dobbel forstand, både dei faktiske turane, men og å kunne møte så mykje velvilje blant dei firmaene eg har hatt samarbeid med. Kanskje spesielt fordi eg etter Denali turen i sommar, fekk eit ja frå dei fleste til å utvida støtta, slik at det vart mogleg å klatre Vinson same år! 

No er me i 2018 , og planleggingen for siste fjell, Mount Everest er i gang, eg fekk meg ein overraskelse då eg  åpna Vestnytt denne veka, der var det eit bilete av meg på midtsida under ein artikkel som hadde tittelen: kven blir årets spåmann? Ein av spørsmåla var: Vil Cato fullføre 7 Summits i 2018? Til alle dei som lurer på kva dei skal krysse av der, her får dere eit insider svar. Hvis eg ikkje vinn i lotto, er det eit klart nei!

Sesongen på Everest er frå April til Juni, og kostnadene kan fort bli rundt ein halv million kroner. Det er usannsynlig å få til ein tur på så kort tid. Sjølvsagt skal ein aldri sei aldri, men då er det mange brikker som plutselig skal falle på plass. 

Eg trener sjølvsagt som om det kan skje, og i helga reiser eg på Voss for å gå topptur i fjellet med gode vener, ungene og kånemor er på Gran Canaria og nyter ei velfortjent veke i sola. Eg får snap kvar dag, og dei har det fint😊

Takk igjen til alle som støtter meg, både striler og bedrifter, eg håper at foredragene mine får bein å gå på dette året. Kjekt med alle som har delt innlegget mitt på Facebook, det set eg stor pris på. Ha ei strålande helg. 

Helsing Cato.

5. jan, 2018

Det er jammen stor forskjell på teltlivet her heime og i Antarktis!

Den første utfordringa er at det er lyst døgnet rundt. Eg er av den heldige typen, som er glad i å sove, og som ikkje blir affisert av at sola skin inn teltduken. Heldigvis! Det er nok av eksempler på at folk får det hardt i fjellet, mat er ein ting, men det å vere utsoven er alfa og omega for å få ein vellykka toppstøt dag.

Denne gongen brukte eg av og til ei ansiktsmaske, og det kan eg anbefale. På Denali, trakk eg berre ein bøff over augene om eg syntes det vart for mørkt.Det funker fint, men det vart mindre lys med maska. 

I så kaldt vær, der ein ofte ligg på isbre, har underlaget mykje å sei. Eg bruker gjerne eit som er oppblåsbart, og med dun på innsida. Då er det eit par ting som er særs viktig, ikkje blås luft inn i madrassen. Luften frå lungene dine inneholder vanndamp, og dampen frys til is inne i underlaget når det er 20 minusgrader eller meir. Dei fleste underlag har ein ordning, som gjer at du kan fylle luft utan å blåse 👌 Oppå det oppblåsbare underlaget, legg du eit tynt termorest liggeunderlag. Lufta i det underste laget blir nemlig kjølt ned, men duna inne i underlaget isolerer og eit nytt lag oppå der gjer god varme👍

Det spesielle med Antarktis og for så vidt med Denali, er at temperatur svingingane inne og utanfor teltet. Inne kan det bli 25 varmegrader når sola står som høgast, mens det er 25 minus på utsida, så kan det bli varmt å ligge i ein 40 - sovepose, på highcamp over 4000 meter måtte eg ligge oppå soveposen når sola kom skikkelig opp, på grunn av varmen. Føltes merkelig 😂

Sikring av teltet er viktig, snøskjørtet på utsida, må skufflast snø på, slik at vinden ikkje tar tak i teltet. Nokon plasser, som på 5200 meter over havet, på highcamp Denali, måtte me ut kvar time for å skuffe av snøen som lava ned, så ikkje teltet skulle knekke saman, blir lite søvn av slikt. Teltpluggene på Denali var 75 cm lange, og fire gonger så breie som vanlege plugger, mens i Antarktis er snøen knall hard, og vanlege teltplugger er meir enn nok.

Til slutt, kan det vere greit å nevne det eg synes er særs viktig, alltid lukk alle glidelåser kvar gong du går inn og ut av teltet, glipper du på det i sterk vind, kan du risikere at teltet blir flerret i stykker, og det går fort! Å sette opp telt i sterk vind, bør ein ikkje gjere åleine, det kan vere greit at ein av dykk sit på teltet, men den andre trer stengene, sikrer liner og gjer alt forarbeidet før ein reiser teltet.

No er eg komen til Voss, og nyter livet i spikerteltet vårt, stort lettere blir ikkje teltlivet. Helsing ein som nyter å vere på telttur, det har ikkje alltid vore slik😂

God helg, helsing Cato

4. jan, 2018

Ungene mine var ikkje begeistret for at pappaen deira skulle vere vekke både jul og nyttår, og eg måtte love Tindra på 7 år, at det ikkje skulle skje igjen. Det har eg sagt meg enig i♥️

På Flesland vart eg møtt av ein herlig velkomstkomite, ungene mine, onkel unger, søsken, kånemor, og svoger og svigerinne. Det var stor stas😊

Eg arbeider på Øygarden ungdomskule, og dei som kjenner meg, spesielt ungene veit at eg er veldig glad fakta og quiz. Med meg i sekken har eg nokon artige fakta som eg har lyst å dele med dåke.

1. Den 21.juli, 1983, målte den Sovjetiske stasjonen Vostok ein rekord lav temperatur på -89 grader !

2. Antarktis er det kontinentet med høgaste gjennomsnittshøyde. 1860 moh.

3. Antarktis er det tørreste kontinentet på jorda, og får mindre enn 2,5 cm nedbør i året, i nokon områder har det ikkje komen nedbør på 2 millioner år. Antarktis blir derfor ofte kallast verdens største ørken. Eg fekk servert ein sour drink med to millioner år gammel is fra kontinentet, det smakte overraskende friskt👌

4.Den kaldeste måneden i Antarktis er gjennomsnittlig temperatur -40 til -68 grader Celsius. Den varmeste måneden har mellom -35 til -15 grader celsius.(Då er ikkje effektive kuldegrader/windchill regna med)

5. Antarktis si isflate er det største ferskvannslageret på jorda, og inneholder 68% av verdas ferskvatn, og 90% av verdas ismasser🐧

6. Skulle Antarktis isen smelta, ville hava på jorda stige med 55 meter.🐳

7. Den tjukkaste isen på Antarktis er 4880 meter!❄️

Det var dagens nerdefakta frå meg, håper dere satt pris på det🤓

Ha ein fin dag, helsing Cato

1. jan, 2018

Namgya Sherpa har vore 11 gonger på toppen av Mount Everest! Det er noko å ta inn over seg. Han er ein blid, omgjengeleg og roleg kar. Ein som er behageleg å ha rundt seg, dåke kjenner sikkert til typen.

På veg til Antarktis var eg ovenpå, hadde trent bra, det var kort tid sidan Denali ekspedisjonen, og eg visste at på denne turen var det "berre" kulden å bekymre seg over. Det tekniske var for så vidt enkelt.

No skal det seiast at været vart ei større utfordring enn eg hadde trudd! Det byrja med at ein står klar i ekspedisjonskleda, i 16 varmegrader i Punta Arenas og ventar på at været skulle tillate lift off. Etter nokre dagar forsinkelse der, landa vi på Union Glacier, men der vart det berre touch and go!

Me var forsinka og måtte vidare, Namgya Sherpa og resten av gjengen venta på oss ved Vinson basecamp!

Etter å ha skifta fly, til ein twin otter, og seilt avgårde over skyene, som ikkje var skyer, men eit uendelig hav av is, der dei høgaste toppanne såvidt stakk over den harde kvite flata, landa me etter ein ny time i lufta, ved basecamp. Endeleg i gong med klatringa! Trudde me......

Det var to andre team i basecamp, eit russisk og eit amerikansk. Mens me venta på godvær i 5 dagar før me for til lowcamp, hadde dei andre teama det travelt. Det fekk dei dessverre svi for. Det amerikanske teamet mista 3 telt, og var tilslutt 9 mann fordelt på to små telt, der dei brukte 10 timar på å lage levegger i snø, og legge forholdene til rette for at ikkje campen skulle blåse vekk. Nokon dager etter me kom ned, prata eg med ein av amerikanerne, eg spurte korleis det hadde vore der oppe. "Det var som ein alien tok tak i teltet, og røska det til himmels!" Dei såg aldri teltet igjen, og satt inne i dei to gjenværende teltene i 24 timer , og holdt fast i dei, uten å kunne ete, drikke eller å gå på do! Russerne hadde mista all vodkaen sin, men teltene deiras  var der fortsatt, då stormen la seg.

Namgya Sherpa og teamet vårt var berre nokon få hundre høydemeter lavere, men det var nok til å ikkje merke nokon ting av alvoret som spelte seg ut høgare oppe i fjellet. Det var rundt 4.dagen at Namgya viste meg arret sitt! Han gjekk innover fjellet og trakka i snøen 1,5 timer kvar dag, og eg spurte han kvifor. Han drog opp buksebeinet og viste eit langt bredt arr som strakk seg frå fotbladet og langt over ankelen. Det såg brutalt ut. 

Han kunne fortelje at han ikkje hadde klatra på 2 år, og at spaserturene han tok kvar dag, var for å trene opp førligheten igjen, til våren, så måtte han vere klar for Everest. Det kom ikkje til å bli guiding til toppen, men han skulle vere basecamp/logistikk ansvarlig.

Den 5. dagen tok me fatt på vegen til lowcamp, og så var planen dagen etter det, å ta fatt på den 1200 meter Headwallen, der ulykka til Namgya skjedde for to år siden. Veien til lowcamp gjekk på rekordtid, og vi var oppe på under halvparten av det som var rekna som normert tid, og det enda vi hadde lagt inn to små pauser. Det vart til at eg, Anja frå Tyskland (som skulle avslutte sin 7 summit jakt med Vinson, og som også  var yngste tyske kvinne til å gjere nett det, ho var nett fyllt 27 år.) og guiden vår Stuart , ein britisk eks militær, som danna team saman. Dei andre i gruppa danna to team til, så me vart tilsaman tre team på vår gruppe.

I lowcamp såg det bedre ut enn det eg hadde forventa, dei andre teama hadde rydda og fått orden etter stormen, men det store fellesteltet/domen, var flata ut, og besto no av 60 kilo med ubrukelege knekkte teltstenger og revet teltstoff. Me sov ei natt i campen, og for vidare opp headwallen dagen etter.

Namgya fortalte det slik, han hadde fått i oppgåve å sikra faste tau i headwall. Med 1200 meter vegg å klatre, betyr det 6 ankerpunkt, med 200 meter klatretau i mellom. Det hadde vore hardt arbeid, og han var nesten ferdig. Han sto på toppen av veggen, langt der nede var det lagt ut nesten 1200 meter med tau. Nå skulle berre dei siste 200 meteren ut av taubaggen. Det var bikkjekaldt, han la fra seg isøksa, han trengte begge hendene. Tauet var fryst seg fast inne i taubaggen, og han prøvde å dra og riste tauet laust. Det gjekk ikkje, han bestemte seg for å gå litt nedover i bakken, og få tak i baggen. Då skjer det som ikkje skal skje. Stegjernet på den eine skoen hekter seg fast i buksebeinet, han snur seg etter isøksa mens han faller framover, men det er for seint og han kjenner at han er på veg utfor kanten.

Mens eg, Anja og Stuart nærmer oss stedet Namgya falt, tar eg eit bilde nedover, bildet viser veggen med har klatra, og isbreen den treffer i bunn. Nokon hundremeter utover breen, ligger ein svær bresprekk som Namgya fyker over, uten å falle ned i, fordi farten hans var så stor.

Stuart hang i tauene sammen med mange andre den dagen, han sa at folk fekk panikk, så dei såg Namgya styrte nedover i det dei sjølvsagt såg på som døden. Fleire ville koble seg ut av tauene, for å kome seg ned å hjelpe så fort som mulig. Stuart sa at han kunne høre ein som ropte at folk skulle forbli i tauene, ingen kunne overleve det fallet uansett. Ein skulle tenke på eigen sikkerhet, og klatre ned langs tauet, og bruke den tida det tok. Han kunne fortelje at då dei kom ned hadde Namgya løfta hovudet, og vist livstegn. "Sa han Noko så?" Spurte eg. Stuart sa at han hadde sagt "Eg beklager" fleire gonger, han var redd for at han hadde ødelagt klatringen for dei andre.

Seinare fekk eg snakka meir med Namgya i basecamp, han kunne fortelje at han hadde prøvd å skli på magen og albuene, slik at han kunne sjå og unngå å treffe stein, men at han fleire gonger hadde blitt slynga ukontrollert ut frå avsattser, slik at det hadde gått kast i kast nedover. Stegjernet hans hadde satt seg fast i snøen, og ankelen var blitt revet i stykker, med masse kompliserte brudd. Dei måtte vente på twinn otter til basecamp, og han måtte bli frakta ned til flyet på slede. På Union Glacier, måtte han vente enda ei stund før været var så bra at han kunne koma seg på sykehus på fastlandet. Så var kroppen hans så skamslått og opphovna, at dei måtte vente sju dager før dei kunne opperere foten hans.

Sjølv om Vinson ikkje er det mest tekniske fjellet eg har klatra, fekk historien til Namgya med til å ta ting med ro, tenkje igjennom det meste to gonger, og ta innover meg alvoret. Ein er å klatrer i eit kontinent, der reddninga kan vere langt unna, det er ikkje berre å klatre ned til hovedvegen og køyre bilen sin ut av fjellet om Noko skulle gå galt. Eg har fått telefonnr til Namgya, og han sa det var heilt greit at eg fortalde historien hans til dåke her på bloggen min. Han reiser til Everest i vår, og eg har avtalt at eg skal besøke han året etter, hvis det er så eg skal klatre Everest sjølv. Det hører med til historien at veien frå headwall til highcamp gjekk uten problemer for Stuart, Anja og meg denne dagen😊