Frå flatt hav til verdas tak!

22. okt, 2017

På fredag var eg på møte med Sekkingstad AS på Skaganeset. Der møtte eg Tina og Konrad Sekkingstad, far og datter, og allerede på etternavnet forstår ein at dette er eit familieselskap. Sekkingstad AS driv både produksjon, salg og markedsføring av  laks og aure!

Eg vart godt tatt imot, og fekk denne dagen ein omvisning i lokalene, og det var spesielt intressant å sjå alle som var i arbeid med kjøp  og salg via internett og telefon til mange ulike land. Sekkingstad AS har ein lang tradisjon i dette markedet, og er faktisk grunnlagt av Konrad Sekkingstad heilt attende i 1923. Altså ikkje den Konrad som eg fekk høve til å treffe på fredagSmiler stort

Sekkingstad AS bruker mykje tid på sosialt arbeid, og sponser mange i nærmiljøet, eg er takknemleg for at dei også ynskjer å bruke tid og penger på mitt prosjekt-frå flatt hav til verdas tak-Draumen om seven summits.

Sekkingstad AS er eit selskap her i regionen som har vore ein starthjelp for fleire utøvere innen idrett og kultur, blandt anna Kristoffer Skjerping som representerte Norge på ein flott måte under sykkel VM, men eg har veldig lyst å skrive om Team Vegard og i dag. Sekkingstad AS er inne og sponser ein framandstormande gut og paraskytter, som har tatt steget frå rekruttskytter til å konkurrere med andre skyttere i klassen for voksne utøvere! Eg anbefaler alle å følge Team Vegard på facebook. For ein talentfull kar!

Det føles fint for meg å ha Sekkingstad AS som samarbeidspartner, det er spesielt to grunner til. Nr1) At dei har trua på folk som vil noko, og viser det ved å støtte dei som ofrer det som er, av tid og energi for å nå måla sine.

2) At dei er ei bedrift som så tydeleg viser at dei vel å kombinere hjerte og hjerne, sosialt arbeid og business. Kjekt å sitte her å skrive dette på ein søndag

Takk til Sekkingstad AS og til Tina og Konrad for samarbeidsavtalen, og for at dåke sat av tid til meg  på ein fredag, den travlaste dagen i veka for bedrifta:)

God søndag, helsing CatoKul

 

 

 

 

21. okt, 2017

Amalie er ei knalltøff lita jente, ho har snart bursdag, då blir ho 1år. Det er kjekt når Amalie er med onkel på trening. I dag skulle me til pyttane, eg drog på dekk og sekk, mens mamma Miriam hadde Amalie i bæremeis til toppen.

Været var heilt strålande i dag, og med møtte masse greie turgåere på turen opp. Miriam og Amalie er nokon råtassar, og spant avgårde, snart såg eg ikkje eingong ryggen i dei. Dei gjekk opp til toppen, kom ned igjen til meg, og slo følge opp igjen til toppen.

Beinøkta på Peak Fitness dagen før såg ikkje ut til å plaga Miriam, sjølv kjente eg kvart steg i rumpa og på framsida av låra. Eg låg på melkesyreterskelen heile vegen opp. I dag  brukte eg nesten eit kvarter lenger til toppen enn eg pleier, fem dager med influensa i haustferien og ein dag sengeliggende denne veka( eg gjekk for hardt ut mandag, trudde eg var frisk nok, og vart hardt straffa med ein dag til sengs med nedkjørt kropp tysdag) har satt sitt spor. 

Denne veka har det blitt sju treningsøkter, men kjenner at eg er klar igjen for å doble innsatsen neste veke. Det er ein hard treningsperiode eg skal inn i dei neste to månedene, men det nytter ikkje å koma uforberedt til Antarktis. 

Miriam er min faste treningspartner tre gonger i veka på Peak Fitness og så får me nokon turar som i dag saman innimellom. Det er uvurderlig å trene saman med andre, det hjelper enormt på motivasjonen å pushe kvarandre. Miriam er knallsterk, har veldig bra utholdenhet og er mentalt sterk. Det nyter eg godt av, ho hjelper meg med å ha fokus på den arbeidsinnsatsen som må legges ned, og for meg som ikkje akkurat er noko A-menneske forplikter det når Miriam er klar for ei tøff beinøkt på peak fitness kl 0600 kvar fredag morgon.

Amalie tok turen med stoisk ro og eit stort smil, ho digger å vere med på tur. På vegen ned frå pyttane, vart det plutselig heilt stille i bæremeisen. Ein god soldat sover når han kan sies det. Amalie er så absolutt ein god soldat😊

Ser fram til morgondagens økt, då blir det dekk og sekk rundt Toftøy. Ha ein strålande dag i sola, og god tur😊

20. okt, 2017

Mona i Øygarden Elektriske, var ein av dei første eg tok kontakt med i vår, då eg skulle til Denali i sommar. Ho og bedrifta var kjempepositive, og det gøyaste var at dei allerede hadde snakka om å bli samarbeidspartner i prosjektet frå flatt hav til verdas tak- draumen om Seven Summits, før eg tok kontakt. Då eg ringte, fekk eg straks den hyggelige meldingen, og det hjalp meg videre i arbeidet med det for meg uvante arbeidet med å ta kontakt med bedrifter og nye potensielle samarbeidspartnere. Så ein liten personlig takk til Mona, blir det og i dette innlegget, du fylte tanken min med flybensin den dagen i vår👏

I dag var eg innom med inramma takkebrev, og fekk tatt bilete av oss på kontoret til Øygarden Elektriske på Ågotnes. Det var kjekt. Eg ser fram til vårt vidare samarbeid dei neste åra.

Takk igjen for positiviteten og støtta😊

Helsing Cato

19. okt, 2017

Eg kom på jobb ein dag, til tidenes gåve frå min kollega Unni. Ho hadde rett og slett strikka ei hue med innlagt refleks i garnet og utskiftbart skjegg. Ho hadde fått med seg skjegg diskusjonen, og det at eg hadde anlagt nokon ansiktsstubber før Denali ekspedisjonen i Juli. Ho diska opp med ei hue, og to skjegg som kunne skiftast ut etter behov. Det eine var svart og det andre var nær opp til min eigen rødlege skjeggvekstKul

Fantastisk artig! Om eg ikkje blir hårete nok i ansiktet før 16 desember, så har eg no noko å falle attende på, så uansett blir Antarktisk turen ein tur uten frostskadar i ansiktet;)

Takk skal du ha Unni, du e ein heltHjerte

16. okt, 2017

Kjellemann er ein utruleg sprudlande, artig, flott og heidundrandes morosam kar! I april i år, var eg rundt og prata med framtidige sponsorer, og i det høve seier Kjellemann at han ville sponse meg personlig til Denali "Dette er TØFT Cato!-jeg er med!"

Seinere trefftes me igjen, då han var å testa ut bruhopping i Øygarden før VM for P5, og for eit testhopp det vart! Eg har skjelden ledd så mykje i heile mitt liv! Videoen gjekk som ein farsort på sosiale medier, og har blitt delt utallige gangerSmiler stort

I dag tikka det inn ein melding på messenger, Kjellemann hadde fått med seg at Antarktis står for tur. Fritt oversatt: Kjellemann- "Hallaisen Tjommy, eg er med videre!"

Meg- "Æ ælskæ dæ tjommyHjerteSmiler stort"

Kjellemann- "My man.Kul"

Sånn kan det også gjøresSmiler stort, for ein fyr! Sit her og ler for meg sjølv, og tenker samstundes at det er så fint og også så kult at Kjellemann tar eit slikt privat initiativ, liker prosjektet mitt, blir inspirert og støtter meg videre i å nå målet mitt-draumen om Seven Summits!

Takk Kjellemann, for støtta og ikkje minst den gode underhaldninga eg får via radioen kvar morgon på veg til jobb:) Your the man!

Helsing Cato