28. feb, 2019

Sprek stril? - fleire steg i riktig retning takk;)

Gå for livet!

Eg sit her i stova i vinterferien og skriv dette, mens eg tenkjer på kvifor eg har sagt ja til å jobba dugnad på STRILAWALK den 27.april. Kvifor eg skal stå opp kl 07.00 og rigge klart til eit lokalt arrangement starta av ungdommar her i Øygarden for berre eit år sidan? Eg har jobb, tre ungar, studier på fritida, egentrening, treningsdugander både for håndballen, øygardsmila og skjergardskarusellen. Ofte kjenner eg på at tida ikkje strekker til. Så kvifor synes eg dette er så viktig at eg sa JA! med det same eg vart spurd?

Jonathans minnefond

Svaret er at eg er far. Anita og Roar opplevde alle foreldre sitt mareritt, det å miste eit barn. Jonathan vart berre 5 år. I dag er det fleire foreldre i min bekjentskapskrets som går gjennom det same, å miste eit barn til kreft. Eg kan nok aldri setje meg inn i kjensla, og makteløysa som rår i slike stunder. 

Anita og Roar har erfart at det forskes for lite på kreft som rammer barn og unge, og at forskning og kompetanseheving er av avgjerande betydning. Dei har oppretta Jonathans Minnefond for barnekreftforskning med eit ønske om å hedre hans minne ved å bidra på dette området. Minnefondet er oppretta fordi Jonathan ville likt at mor og far gjorde noko godt for andre. Anita og Roar har trua på at dei gjennom små og store gåver kan gjere ein forskjell. 

Ein gledens dag!

15.februar var den internasjonale barnekreftdagen. I den samanhengen fekk Jonathans Minnefond fått vere med å bidra med ein halv million til forskning mot barnekreft, det gjorde Roar og Anita saman med Barnekreftforeningen, som den dagen delte ut heile 25 millioner til ulike forskningsprosjekt. Anita og Roar er med hjelp av alle oss som støtter, eit av mange steg nærare ønsket om at Norge skal bidra meir til å forhindra at barnekreft får frata andre barn høve til å vekse opp. Det ultimate målet er at ingen barn skal dø av barnekreft!

Ungdom hjelper barnHjerte

STRILAWALK er eit arrangement starta av ungdommar i Øygarden, det er eit sosialt arrangement der ein går saman frå Rong til Straume for barnekreftforskning. I år er det over dobbelt så mange som har meldt seg på enn ifjor. Det er fantastisk! Sett av datoen den 27.april, og møt på Rong senter kl 08.00. Arrangementet er gratis, men vil du ha ei Strilawalk t-shirt, så koster det 150 kroner. Alt overskudd går til Jonathans Minnefond. Påmelding skjer på www.strilawalk.com.

Dårlig rygg, kondis eller kne?

Sjølv om du ikkje kan eller har høve til å delta på sjølve arrangementet, kan du likevel støtte Jonathans Minnefond i kampen mot barnekreft. Enten ved å gå inn på heimesida www.jonathansminnefond.no og gi til kontonummer 3637.29.65945 (IBAN-nummer NO38 3637 2965 945) eller gi på Vipps til 90509. 

Håper eg ser mange av dykk på STRILAWALK 27. april, nyt sola med barn og familie. God vinterferiehelsing frå Cato:)