5. nov, 2018

Ut på tur-aldri sur😊

Ser frem til onsdag, og ny tur med friluftslivklassen på ungdomsskulen. På 3 veker har nærare 60 elevar vore med på kajakk og telttur med overnatting i øygardsskjærgården. Me har dratt i skuletida, padla og satt opp leir, stått opp kl 0530 om morgenen dagen etter, pakka leir, ete frukost laga på stormkjøkken, og padla attende for å nå skulen kl 0830. Det har vore eit eventyr, og eg gler meg til tur igjen denne veka👏😊

Eventyrlystne, kreative, sporty, friluftsglade elevar frå alle tre trinn, har imponert oss lærarar over ein lav sko. Me er imponert over kva dei viser av dugleik både på sjø og på land.