6. jul, 2018

Tøffe jenter!

No har jentene mine gått i sin far sine fotspor og blitt guider! Etter mange år med turer både på ski og i fjellet, og ikkje minst erfaring frå klatring og padling i elv, tok dei steget eit hakk videre i vår og kursa seg opp. Dei har gjort ferdig sine to første oppdrag, og har hatt med amerikanske familier på klippe og juvvandring, havkajakk i både smul sjø, men og i bølger og vind, dei har rappellert og sikra under klatring, men ikkje minst laga inbakt laks over grill ute og servert gjestene både middag og heimelaga dessert. Opp til 10 timer om dagen har dei vore på tur til lands og til vanns, om ein inkluderer handling, matlaging, klargjering av utstyr og opprydning, og det med eit smil om munnen. Eg er stolt av pågangsmotet og handlekrafta deira, og ikkje minst av gleda dei viser over å vere ute i naturen. No er me på ferie i Tyrkia, men dei snakkar allerede om, og gleder seg til nye guide oppdrag i juli og august 👏😊  God sommer frå Cato og Klyvajentene😊