7. mar, 2018

Kjekt å halde foredrag på Peak Fitness i går👏

Det vart ein fin og gjevande kveld, der eg fekk vist film og bilete frå ekspedisjonar frå seks kontinent. Eg synes det var utruleg kjekt å få prata om ting eg brenn for, til ein så interessert og engasjert gjeng! Temaet denne kvelden handla om kvifor nedturane er viktig, draumar, mål og meininga med livet. Eg må få senda ein ekstra takk til Nav Øygarden for lån av konferanserom og teknisk utsending Miriam Fjellstad, som rigga lyd og bilde for kvelden. Takk og til David på Eurospar som ordna frukt og drikke, og Thomas og Hedda på peak fitness som organiserte og arrangerte kvelden😊👏 Med måtte sette inn nokre ekstra stolar for å få plass til alle, men det gav berre ein ekstra fin stemning at me satt litt trangt. Er du interessert i eit foredrag så ta gjerne kontakt😊

Billett inntektene for kvelden gjekk til Jonathans minnefond,  fondet ynskjer å bruke midlene på forskning innenfor feltet barnekreft, om du vil bidra, kan du gjere det på konto:  3637.29.65945