18. des, 2017

Dårlege nyhende!

Kl 0700 lokal tid, fekk eg ein telefon fra ALE sin representant, og han kunne fortelle at vinden har tatt seg opp. På bildet eg har lagt ved kan du sjå heilt øverst til venstre at det på Vinson er 35 i vind. Det blir derfor ikkje fly til Antarktis i dag. Eg ser på værmeldingen at morgondagen ser litt meir lovende ut, så eg krysser fingrene!

Gradene på toppen av Vinson ligger over førti (effektive) minusgrader, og det vil holde seg rundt den temperaturen så lenge eg er der. Union Glacier ligg i le for vinden, og i sola, så der er det mykje varmere. Rundt 15 minusgrader, noko som er positivt. Det kan vere at me ikkje blir på Union Glacier meir enn ein dag, før me drar videre til basecamp, siden vi no er T minus 1 dag bak skjema. 

Me har heldigvis nokon ekstra dager bakt inn i tidsskjemaet vårt, i tilfelle slike ting som dette skulle oppstå, så eg er ikkje bekymra enno. Kjenner eg er utålmodig etter å komme igang.

Siden eg fortsatt har Wi-Fi dekkning her i Punta Arenas, har eg høve til å skrive blogginnlegg fortsatt. Eg har lyst til å sende ein helsing til 8.klasse på Øygarden ungdomskule. Eg og Ingrid er kontaktlærar for kvar vår basisgruppe i M2, som er ein fantastisk gjeng 👏 Kjenner eg Ingrid rett, så er ho i full vigør med retting av tentamen, undervisning, samstundes med at ho legg opp til ein fin juleavslutning for dei flotte ungdommene våre. 

Helser til resten av teamet på jobb også, gler meg til å treffe dykk etter jul. Det er kjekt å jobbe på ØUS, eller som min kompis på kontoret,  Torstein alltid seier "Endeleg måndag!" 

No må eg ned i resepsjonen å booke meg rom for ei natt til, Punta Arenas er den 3 måneder lange sesongen med klatring i Antarktis snart over, men trekking sesongen her på fastlandet har startet, så det er ganske fullt på alle overnattingssteder. Det ser ut til at eg og William De Carlo, (Bill) som eg har blitt kjent med her nede, kan få booket oss inn og dele eit tremannsrom på dette hotellet. Håper det går i boks, så eg slipper å skifte hotell. 

Eg kjem med ny oppdatering så snart eg veit noko meir. Me snakkes😊 

Helsing Cato