22. okt, 2017

Med laks og aure på laget! Nature`s best!

På fredag var eg på møte med Sekkingstad AS på Skaganeset. Der møtte eg Tina og Konrad Sekkingstad, far og datter, og allerede på etternavnet forstår ein at dette er eit familieselskap. Sekkingstad AS driv både produksjon, salg og markedsføring av  laks og aure!

Eg vart godt tatt imot, og fekk denne dagen ein omvisning i lokalene, og det var spesielt intressant å sjå alle som var i arbeid med kjøp  og salg via internett og telefon til mange ulike land. Sekkingstad AS har ein lang tradisjon i dette markedet, og er faktisk grunnlagt av Konrad Sekkingstad heilt attende i 1923. Altså ikkje den Konrad som eg fekk høve til å treffe på fredagSmiler stort

Sekkingstad AS bruker mykje tid på sosialt arbeid, og sponser mange i nærmiljøet, eg er takknemleg for at dei også ynskjer å bruke tid og penger på mitt prosjekt-frå flatt hav til verdas tak-Draumen om seven summits.

Sekkingstad AS er eit selskap her i regionen som har vore ein starthjelp for fleire utøvere innen idrett og kultur, blandt anna Kristoffer Skjerping som representerte Norge på ein flott måte under sykkel VM, men eg har veldig lyst å skrive om Team Vegard og i dag. Sekkingstad AS er inne og sponser ein framandstormande gut og paraskytter, som har tatt steget frå rekruttskytter til å konkurrere med andre skyttere i klassen for voksne utøvere! Eg anbefaler alle å følge Team Vegard på facebook. For ein talentfull kar!

Det føles fint for meg å ha Sekkingstad AS som samarbeidspartner, det er spesielt to grunner til. Nr1) At dei har trua på folk som vil noko, og viser det ved å støtte dei som ofrer det som er, av tid og energi for å nå måla sine.

2) At dei er ei bedrift som så tydeleg viser at dei vel å kombinere hjerte og hjerne, sosialt arbeid og business. Kjekt å sitte her å skrive dette på ein søndag

Takk til Sekkingstad AS og til Tina og Konrad for samarbeidsavtalen, og for at dåke sat av tid til meg  på ein fredag, den travlaste dagen i veka for bedrifta:)

God søndag, helsing CatoKul