19. okt, 2017

Tidenes gåve!

Eg kom på jobb ein dag, til tidenes gåve frå min kollega Unni. Ho hadde rett og slett strikka ei hue med innlagt refleks i garnet og utskiftbart skjegg. Ho hadde fått med seg skjegg diskusjonen, og det at eg hadde anlagt nokon ansiktsstubber før Denali ekspedisjonen i Juli. Ho diska opp med ei hue, og to skjegg som kunne skiftast ut etter behov. Det eine var svart og det andre var nær opp til min eigen rødlege skjeggvekstKul

Fantastisk artig! Om eg ikkje blir hårete nok i ansiktet før 16 desember, så har eg no noko å falle attende på, så uansett blir Antarktisk turen ein tur uten frostskadar i ansiktet;)

Takk skal du ha Unni, du e ein heltHjerte