10. apr, 2017

For ein dag!

Alarmen gjekk kl 0700, eg kravla ut av senga rimeleg søvndrukken. Alle sov, påskeferie gjer huset stille lengre enn det som er vanleg. Ute silte regnet ned, mens eg pakka laks i aluminiumsfolie inne på eit varmt, tørt kjøkken. Det frista lite å putle seg ut.

Klokka ti på åtte, var maten ferdiglaga, kaffien vart helt på termosen, og eg kunne gå i utstyrsboden. Det regna forsatt heftig! Då klatreutstyr og mat var komen i sekken, gjekk eg i bilen.

Kl 0930 parkerte eg bilen utanfor havnekontoret i Bergen, det som nå er blitt hotell. To nygifte amerikanske turister var klar for klippe og juvandring i Øygarden. På det tidspunktet hagla det faktisk i Bergen, og eg håpa beint fram på eit mirakel, og eit værskifte utover dagen. Det såg mørkt ut....

Dei to new yorkerene var på honeymoon, og ville oppleve kva øygardsnaturen kunne by på. Praten gjekk livleg, der me køyrde gjennom hagl, sludd, regn, og endå meir regn, mot det eg frykta ville bli historias våtaste og suraste klippe og juvandringstur.

Bilen vart parkert, og i det me steig ut skjedde det! Blå himmel åpenbara seg, og både sola og me tre i bilen skein om kapp med kvarandre. Så fort kan det snu! Både humør og vær! Det vart klippeklatring, buldring i juv, rappellering frå klipper og eit herleg laksemåltid rett frå grua.

Etter blåbær, vaniljedessert, og 4 timar med gotur, puttla med oss attende til bilen. Me satt oss inn, og flirte då den første regndråpen traff frontruta!

Vegen attende til Bergen, var værmessig lik vegen ut. Det hølja ned!

Mens eg skriv dette på mobilen min, dragende på dekk og sekk gjennom toftøydalen, kl 22.40 kjenner eg at eg smiler. New York, New York og Øygarden. FOR EIN DAG! 

I morgon skal eg fiska..... God påske 😊