Frå flatt hav til verdas tak!

 

8 nordmenn har klatret dei sju høgaste fjella på kvart kontinent, eg skal bli nr 9, og den første strilen som klarer dette. Eg heiter Cato Risløw, og dette er min draum. det
I slutten av draumen ligg Mount Everest, men la meg starta med byrjinga. I år 2004 klatra eg Mont Blanc,det var ruskevær, me hadde venta lenge på eit værvindu som ikkje kom. Me bestemte oss for å gjere eit forsøk, og måtte snu før toppen. Til tross for været, hadde me forberedt oss godt, kjensla av å ha kontroll i ein natur, og eit fjell som prøvde å rista oss av seg, gjorde at det å nå toppen ikkje vart eit nederlag. Noko var endra inni meg, og ein kan trygt sei at eg vart bitt av basillen. Å klatra høge fjell, gjorde livet verdt å leva. Å stå på toppen av verda, og la inntrykka synka etter planlegging, blodslit og knallhard trening, gav meining til utrykket -Det er nå ein kjenner at ein lever-


Ein plan var i emning , men det var først etter å ha klatra Europas høgaste fjell Elbrus i 2008 og så Afrikas høgaste fjell, Kilimanjaro i 2012 at eg vart sikker i mi sak.

Eg skal klara og klatra Seven summits!

Dei sju høgaste fjella på dei sju kontinenta skal opplevast. Ei bragd få i verda har gjort før meg, og ingen som bur så lavt, som ein meter over havoverflata i Øygarden! I 2015 vart det høgaste fjellet i Sør Amerika, Mount Aconcagua besteget i Januar, i august same år nådde eg toppen av Mount Kosciuszko i Australia. No i sommar reiste eg  til Nord Amerika, der verdens kaldeste fjell Denali, og ein 21 dagers ekspedisjon venta på meg. Toppen vart nådd 07.07.2017, neste utfordring heiter Mt. Vinston, og ligg i Antarktis.

  • Aconcaqua

  • Kilimanjaro

  • Kozy

  • Mount Elbrus

  • Monte Denali

  • Mt. Vinston dato:?

    Håper å få til denne turen i løpet av desember 2017